Då Polens president Aleksander Kwasniewski denne veka inviterte Bergens Tidende og to andre norske journalistar på kaffeslaberas i presidentpalasset i Warszawa, skjedde det i eit hus han er godt kjent i. Ikkje berre har 48-åringen vore polsk statsoverhovud sidan 1995 — det var også her han deltok på rundebordskonferansane med opposisjonen på 80-talet, før kommunistregimet fall. Den gongen var Kwasniewski partimedlem og ungdomsminister i kommunistregjeringa, ein posisjon han innrømmer låg ganske langt unna dagens rolle som ein av USAs viktigaste allierte i Irak.

— Men eg har aldri vore ein kommunist i tradisjonell forstand. Eg var aldri med i partileiinga, aldri medlem i sentralkomiteen eller andre slike organ. Regjeringa var alltid meir fokusert på å administrere enn på ideologi, seier Kwasniewski om fortida si.

- Vil ikkje bli supermakt

Når presidenten tysdag kjem til Noreg på statsbesøk, er Irak-krigen eitt av emna som skal drøftast med statsminister Bondevik. Heime i Polen møter presidenten sterk og aukande motstand mot at 2500 polske soldatar deltek i den amerikanske okkupasjonen i Irak. Ansvaret for den eine av dei tre okkupasjonssonene i Irak har gitt Polen ei heilt sentral - og utsett - rolle.

— Ja, oppdraget er farleg, kostbart og prestisjefylt. Men eg ser dette som ein stor sjanse til å skape stabilitet og demokrati i Irak, ja i heile regionen. Polen har ingen ambisjonar som supermakt, det ville vore latterleg. Men vi ønskjer å vera eit land som tek internasjonalt ansvar. Uansett kva det måtte koste og kva pris vi må betale: Eg er overtydd om at ei verd utan Saddam Hussein er ei betre verd.

- Irak ein episode i historia

Presidenten omtaler seg sjølv som ein overtydd krigsmotstandar.

— Men eg vil gjere verda til ein tryggare plass, og for å greie det må vi av og til også ty til militære tiltak, seier Kwasniewski, og viser til det som hende i Rwanda, Bosnia, Kosovo og Afghanistan:

— Spørsmålet er om vi bør lene oss attende, vente og sjå kva som skjer og etterpå seie «det var ille at dette måtte skje», eller om vi skal apellere til internasjonal handling.

Kwasniewski legg ikkje skjul på at han har eit godt forhold til og snakkar jamnleg med George W. Bush, og seier at den amerikanske presidenten er «ein open og direkte person som gjer denne kontakten lett». At kollegane hans i Paris og Berlin ikkje ser det på same måten, uroar Kwasniewski.

— Eg ser med bekymring på den sprekken som har oppstått. Vi må ta innover oss at det som skjer i Irak berre er ein episode i historia, og ikkje la dette øydeleggje det transatlantiske fellesskapet. Difor apellerer eg til Bush, Gerhard Schröder og Jacques Chirac om å halde fram med å snakke med kvarandre. Vi må forhindre at Europa og USA går i kvar sin retning, det ville vera forferdeleg.

Må tenkje på Russland

Som NATO- og snart også EU-medlem legg Kwasniewski også stor vekt på å stå på god fot med den mektige naboen sin i aust, Russland. Difor vil han ikkje snakke om moglege amerikanske militærbaser i Polen.

— Dette er ikkje rette tida for å diskutere dette spørsmålet, det vil berre føre til misforståingar. Med utvidinga av NATO må sjølvsagt også NATO-doktrinen og fordelinga av troppane endrast. Men dette er sensitive spørsmål, og vi vil ikkje skape unødig spenning i forhold til Russland. Det fungerer fint slik vi har det i dag, og eg trur vi akkurat nå skal halde fram slik.

- Noreg høyrer heime i EU

Kwasniewski er stolt over å kunne føre landet sitt inn i EU i mai neste år. I Oslo og Bergen vil han marknadsføre Polen som eit land for gode investeringar, og som eit land det er verd å besøke.

— EU-utvidinga er eit høve for europearane til å gjenoppdage Aust-Europa. ýOppdag Polený - det må vera mottoet. Korleis seier ein det på norsk? Skriv det ned for meg, det må eg lære meg før eg reiser, seier presidenten.

Aller helst skulle han hatt følge av Noreg inn i unionen.

— For å vera heilt ærleg, forstår eg ikkje kvifor Noreg har sagt nei til EU.

— Og dersom det kjem ein søknad ein gong i framtida?

— Då vil vi støtte dykk fullt ut, det kan eg love, allereie før vi er vorte medlem sjølve. Det er sjølvsagt dykkar avgjerd - men etter mi meining høyrer Noreg heime i EU.

VIL STØTTE NORSK EU-SØKNAD: - Noreg høyrer heime i EU, meiner Polens president Aleksander Kwasniewski, som tysdag kjem på to dagars statsbesøk til Oslo og Bergen. <br/> Foto: GORM K. GAARE