– WHAT HAS TOR DONE?

Ein kar med ein sliten sykkel har stoppa ved sidan av oss. På andre sidan av vegen, utanfor det fasjonable leilegheitskomplekset i Kensington, står framleis Range Roveren til Tor Arne Uppstrøm. Sjåføren har gått inn til portvaktene.

Eg fortel sykkelmannen, som presenterer seg som Martin, om verftet i Bergen som gjekk konkurs. At Uppstrøm er sikta for bedrageri og selskapstapping, at han skal ha fått ut minst 17 millionar frå verftet. Og at vi prøver å få hans versjon av historia.

– Å? Vi trudde han dreiv med konteinarar.

– Kvifor det?

– Det var det han sa til oss.

FOR FEM minutt sidan stod BTs utsende utanfor huset på andre sidan av vegen. Uppstrøm var på veg ut. Vi rakk ikkje å introdusere oss, fekk berre sagt etternamnet hans. Så sprang han. Ut i gata, ned ei sidegate og inn på eit hotell med utgang til neste gate. Mannen halta. Vi sprang etter eit stykke for å få kontakt, men gav opp. Uppstrøm ville tydelegvis ikkje prate.

Mannen med sykkelen såg opptrinnet. Det er difor han no spør kva Tor har gjort. På gata framfor oss stryk luksusbilar forbi i ein jamn straum. Uppstrøm er over alle haugar, igjen.

DET VEKTE OPPSIKT då Tor Arne Uppstrøm ikkje dukka opp i Bergen tingrett i februar 2007, då saka mot han, Carl Fredrik Seim og advokaten Bertram Vedeler skulle byrje.

Mjellem & Karlsen-saka hadde starta som eit eventyr våren 2002, då ein 28 år gammal Seim og hans «rike amerikaonkel», Tor Arne Uppstrøm, kjøpte opp eit av landets siste byverft.

I august same år slo dei verftet konkurs. 411 menneske mista jobben. Seinare viste det seg at verftet vart kjøpt med lånte pengar, og i februar 2007 stod Seim, Uppstrøm og Uppstrøms advokat –Vedeler – tiltalt for å ha tappa Mjellem & Karlsen for til saman 35 millionar kroner. Lover skulle vera brotne, kreditorar svikta.

Men då saka skulle byrje, var Uppstrøm lagt inn på privatklinikken Capio Nightingale Hospital i London, der seng og pleie skal koste 20.000 kroner natta. Retten fekk ei sjukmelding som sa at Uppstrøm hadde fått «posttraumatisk stressyndrom».

I rettssalen var Uppstrøms motstandarar skeptiske til sjukmeldinga, og rekna med at han berre lurte seg unna. Tingretten oppnemnde sin eigen sakkunnige, som underkjende sjukmeldinga.

Men legen til Uppstrøm i London svarte at han ville halde Uppstrøm på sjukehuset, sjølv om pasienten skulle prøve å skrive seg sjølv ut. Då gav retten seg, og køyrde vidare med Seim og Vedeler. To månader seinare vart dei dømde til høvesvis fem og eit halvt og to års fengsel. Uppstrøm var fri. Saka mot han utsett.

Om drygt tre veker, 5. januar, byrjar den utsette saka mot Uppstrøm. Viss han dukkar opp.

– DET ER BERRE TRIST.

Nils Bjørnflaten ristar på hovudet av Mjellem & Karlsen-affæren. Ser ned i hotellkaffien. Utanfor ligg torget på Notodden formiddagsstille.

– Eg trur det ikkje. Han var ikkje typen som sparka ein masse folk for å tene pengar. Nei, Tor Arne var ærleg og skikkeleg. Det var aldri noko tull.

Bjørnflaten er tidlegare noregsmeister i speedway, bussentreprenør, tidlegare varaordførar, leiar i Notodden Ap og noverande leiar i Notodden Frp. Han kjenner Uppstrøm godt frå ungdomstida. Rundt 1960, då dei begge var i slutten av tenåra og livet hadde byrja, snakka dei mest om bilar.

Nils Bjørnflaten.

Ein av dei siste gongene dei to såg kvarandre var i 1999. Då kom Uppstrøm til Bjørnflaten, som då var varaordførar for Arbeidarpartiet. Uppstrøm viste fram noko han hadde liggjande bak i bilen.

– Det var ein statue, av Myllarguten. Han ville sette opp ein versjon i stort format ved innkjørselen til Notodden, seier Bjørnflaten.

Det var snakk om ei milliongåve til heimbyen. Men kommunen hadde ikkje råd til grunnarbeidet som kravdes, så det vart aldri noko av.

MIDT PÅ LANGSIDA av torget går det ein kort gatestubb utover mot sør. Bjørnstjerne Bjørnsonsgate. Der vaks ein noko vilter Tor Arne Uppstrøm opp, saman med veslebror, far og mor. I parallellgata hadde faren eit lite engrosfirma, som hovudsakleg selde margarin.

I Storgata nedanfor torget møter vi ein annan ungdomskamerat av Uppstrøm, Gabriel Andreas Faye. Dei spela fotball saman i barndommens somrar, ettersom familiane hadde nabohytter ved foten av Lifjell i Bø.

Nokre hundre meter lenger oppe i Storgata treff vi på det einaste synlege beviset som er igjen på aktivitetane til kremmarfamilien Uppstrøm på Notodden. Eit raudt murhus med «Uppstrøm konfeksjon» i falma skrift over den eine inngangen. Dette huset var Uppstrøm-slektas hovudsete i Notodden. Her skapte Uppstrømane eit lite stykkje norsk kulturhistorie.

Det var onkelen til Tor Arne Uppstrøm som kjøpte huset, som hadde vore Folkets Hus. Familien gjorde det om til Guds hus, braut med pinserørsla og byrja Maran Ata saman med Åge Samuelsen.

I forsamlingslokalet over familiens konfeksjonsbutikk var det fest for Jesus.

– Eg var der oppe, eg! Tungetale og greier. Det var sterke saker for ein ungdom, skal eg seie deg, ler Faye.

DET ER UVISST om Tor Arne stakk innom Maran Ata. Nokon aktiv kristen var han i alle fall ikkje.

– Nei, men han er ein kristen person. Han er verkeleg eit godt medmenneske, ein omsorgsperson som gjer gode ting, seier Håkon Uppstrøm.

Far til Håkon var syskenbarn med Tor Arne. For Håkon var den 13 år eldre Tor Arne som ein onkel.

– Eg hugsar eg fekk ein femmar når eg kom ut på kontoret hans – så gjekk eg ut som 10-åring og vaska bilen hans, fordi eg syntest han var så kul. Slik var det i vår familie, fortel Håkon.

Jamaldringane til Tor Arne Uppstrøm fortel om ein livleg kar.

– Han var ein liten villbass – ein artig kar. Vi vart kjent då vi var 16–17 år. På den tida var det to restaurantar – Arno, der starta vi, og så hamna vi på ein plass som heitte Gullkrona i Storgata, fortel Asbjørn Halvard Hagen.

DEN KULE ONKELEN fekk seg ein solid smell tidleg i livet. 19 år gammal stod han utan foreldre.

– Dei jobba seg i hel, fortel Håkon.

Tor Arne tok over engrosforretninga etter faren. Det varte ikkje lenge før forretninga var historie.

– Det blei nok litt stort for han, det. Han var litt vill og gal, så det gjekk nok ikkje så veldig bra. Men han skjerpa seg veldig etter nokre år, seier Håkon.

Skjerpinga kjem vi tilbake til. Men først vart det fleire år med solid dynamikk i livet til Tor Arne Uppstrøm.

Dei fleste som kjenner han frå ungdomsåra, fortel om ein kar som kunne vere, som Håkon seier, litt vill og gal. Ikkje stygg med folk, men litt mindre hemma enn andre.

I juni 1963 vart Tor Arne Uppstrøm far, knapt 20 år gammal. Han gifta seg og flytta til Kongsberg, der foreldra til kona dreiv ei møbelforretning. Uppstrøm skal ha drive med kjøp og sal.

Ekteskapet varte ikkje lenge. I 1968 dukkar han opp att, denne gongen som «uformelt separert». I ein dom frå Oslo byrett.

OM ETTERMIDDAGEN 21. august 1968 sit det fire tvilsame fyrar på restaurant Schrøder i Waldemar Thranes gate i Oslo. Ein av dei, «dansken», har med seg ein bag full av tjuvegods. Smykke, frimerke og fotoutstyr verd 112.250 kroner (rundt 900.000 i dagens kroneverdi).

Møtet endar, ifølgje dommen dei seinare fekk, med at Uppstrøm får bagen «for at han skulle få smykkene verdsatt». Uppstrøm tek så bagen med til «leiligheten til sin venninne Gunn Aaröe i Thunes vei 4».

Så følgjer ei merkeleg historie, der Uppstrøm og kameratane hans prøver å få eigaren av smykka, direktør John Marshall på Hotel Nobel, til å betale «så mye som mulig» for å få dei tilbake. Medan Uppstrøm passar smykka, forhandlar tre andre med Marshall. Alt går tilsynelatande bra til ein av kameratane, i «sterkt berused tilstand», finn på å ringje ein politimann for å få han til å gå god for seg. Marshall får røyret, blir åtvara, og dei tre blir pågripne på staden.

SMYKKEHELERIET ER det første lovbrotet Uppstrøm blir dømt for. Han blir pågripen og framstilt for retten to gongar til, i 1970 og 1972. Her blir han dømt for til saman 45 mindre (men i juridisk forstand grove) bedrageri frå oktober 1968 til desember 1971. Uppstrøm & Co leiger kontor i Brugata 1 og Prinsensgate 4, diktar opp fiktive selskap og får utlevert alt frå platespelarar og sengetøy til eit tonn fisk (røye). Dei sel så varene, og betalar aldri.

I løpet av tre år stal dei slik varer for over 280.000 kroner, ein solid sum i ei tid då ei gjennomsnittleg norsk årsløn var rundt 30.000 kroner.

– Det var mykje festing og tull. Vi var ikkje akkurat mors beste barn, og når pengane tok slutt, fann vi på no' fanteri, seier Jan Arne Kleven.

Han var ein av dei som var med på heleriet og fleire av bedrageria.

No er han pensjonist, og møter oss på eit eldresenter på austkanten i Oslo. I naborommet syng dei salmar av full hals. Kleven pratar om ein gammal svirebror.

– Når det stod på som verst, verka det som han gav faen i alt. Vi drakk oss sanselause og budde på hotell med suitar. Du veit, Tor Arne hadde sukkersjuke. Eg hugsar han tok den insulinsprøyta, og sette den tvers gjennom dressbuksa.

Det var her pengane gjekk, fortel Kleven. Til fest og moro, på Grand, Bristol, Ambassadør og Hotel Nobel. Kleven og Uppstrøms ville år.

– Eg hugsar ein gong på Tre kokker i Drammensveien. Uppstrøm sat og sende tusenlappar som seglfly ut på dansegolvet. Folk kasta seg sjølvsagt etter. Det gjorde eg òg, det.

DEN SISTE GONGEN Uppstrøm og Co hamna i varetektscellene var det heile ikkje særleg moro lenger.

Som det står i dommen mot Uppstrøm frå 1972:

«Retten har videre bemerket at tiltalte nå synes å gjøre helt opp for seg hva straffen angår for å kunne slå inn på en bedre vei når han slipper ut».

Sjølv om dei var fire om det, fekk Uppstrøm den strengaste straffa i 1972. Eitt år og ni månader fengsel.

– Tor Arne tok på seg skulda for alt. NN, NN og eg gjekk klar.

– Kvifor gjorde han det?

– «Eg får ei straff, og den straffa kan eg ta. Det er ingen vits at de andre får det òg,» siterer Kleven.

Det var slutten på gjengen.

– Alle gjekk kvar til sitt. Vi trefte kvar vår jente, og ...

– Du klarte deg bra?

– Ja, det vil eg seie. Eg tok murarbrev og vart seinare takstmann for fast eigedom. Det kunne eg ikkje ha blitt viss eg hadde fått den dommen. Så på den måten redda han meg ut av elende. Så han var ein sånn Robin Hood, på ein måte.

UPPSTRØM SI JENTE heitte Gunn og var frå Molde. Dei gifta seg midt i heisatida, i 1969 eller 1970. Hausten 1969 fekk dei ei dotter saman. Til retten fortel Uppstrøm at han det året «sprakk totalt på grunn av alkohol».

Men då han stod i rettssalen for siste gong, i mars 1972, var Uppstrøm altså klar for å «slå inn på en bedre vei».

På Notodden fortalde familien på den tida folk om Tor Arne Uppstrøm si omvending, som må ha skjedd ein gong i 1971 eller 1972:

Uppstrøm låg ute ein stad i indre bydel i Oslo. Full og fæl. Så tok han spritflaska og kasta ho i veggen, og sa «no skal ikkje du lenger ha noko makt over meg! No skal eg bli millionær».

– Det er korrekt – og det blei han. Det er det som er så fantastisk med Tor Arne, han gjer ting når han set seg det i hue, og får det til å bli suksess, seier Håkon Uppstrøm.

Det var no det skjedde. Det var no Tor Arne Uppstrøm «skjerpa seg noko veldig».

EIN GONG, TRULEG sommaren 1973, kjem Tor Arne Uppstrøm ut porten til Oslo Kretsfengsel («Botsen»). Nedover alléen der Egon Olsen rusla på filmlerreta på same tid. Begge hadde ein plan, men i motsetning til mannen med bowlerhatten skulle Uppstrøm ikkje inn att.

– Han gjekk til politimeisteren og sa «eg må ha tilbake sertifikatet». Politimeisteren sa han kunne få det på prøve. Og fem år etterpå har Tor Arne 50 lastebilar!

Håkon Uppstrøm er opprømt. Dette er byrjinga på suksesshistoria om Tor Arne Uppstrøm.

Det han snakkar om er transportfirmaet Bullman. I dag er det eigd av Sverre Andersen. Han byrja i firmaet som rekneskapssjef i 1975. Då var Tor Arne Uppstrøm eigar og sjef.

– På det meste hadde vi 50 sjåførar, ja, seier han.

Ifølgje fleire kjelder kom startkapitalen til Bullman frå hans nye kone, Gunn Aarø Uppstrøm. Ho kom frå ein liten gard som avgav grunn til den nye flyplassen i Molde på slutten av 1960-talet. Men i motsetning til det som har vore skrive i norske aviser dei siste åra, var ho ikkje rik. Garden var liten, så truleg arva ho godt under 100.000 kroner, ifølgje folk i Molde. Likevel. Nok til ein brukt lastebil.

Bullman vaks raskt og dreiv etter få år transport, spedisjon og fortolling, og frakta varer i hele austlandsområdet, ifølgje Andersen. Ein av dei største kundane var Tollpost.

Fem–seks år etter han lurte varer frå butikkar rundt heile Oslofjorden, fraktar altså Uppstrøm sine bilar varer som skal i dei same butikkane.

SJØLVE SYMBOLET på Uppstrøms oppsiktsvekkjande oppståing frå grøftekanten, kom då han i 1975 kjøpte huset til høgsterettsadvokat Leif Nagell-Erichsen, der Schibsted-eigar Tinius Nagell-Erichsen vaks opp. Eit stort hus som ifølgje rykte er bygd oppå ein tre etasjars atomsikker bunker. Bjørneveien 24 på Slemdal, der Gunn Aarø Uppstrøm framleis bur.

I 1980 melde Uppstrøm overgang. Han selde Bullman til rekneskapssjef Andresen, for ein billig penge, ifølgje Andersen.

– Han fekk ikkje så veldig mykje for det. Bullman var ikkje noko botnsolid firma, seier Andersen.

Uppstrøm hadde mista interessa for transportbransjen. Han hadde byrja å handle kunst.

UPPSTRØM HADDE allereie drive med kunsthandel på eiga hand nokre år, då han etablerte Galleri Bellman, truleg i 1980. Galleriet på Frogner vart raskt eit av dei største og mest velrenommerte i hovudstaden, ifølgje folk i bransjen.

– Han var høgt respektert av alle auksjonshus, fordi han hadde utsøkt smak og såg før andre kva som ville kome. Han hadde alltid dei beste utstillingane, dei beste tinga og dei høgaste prisane, seier ein i kunstbransjen i Oslo, som ønskjer å vere anonym.

Dette bilete av Uppstrøm blir stort sett stadfest av andre i bransjen, der ingen ønskjer å bli siterte med namn.

EDVARD MUNCH er spesialfeltet til Uppstrøm. Det er dette han kan best, og det er her han har dei beste kontaktane. Eit døme på det kjem allereie i november 1982. Då opna han eit nytt Galleri Bellman, i Fuller-bygningen på eksklusive Madison Avenue i New York.

Utstillinga kunne skilte med ikkje mindre enn 100 måleri og trykk av Munch, «with the blessing of the chief curator of the Munch Musem in Oslo,» som New York Times skreiv.

Avisa konkluderte: «Altogether this is an auspicious start for a new gallery (and one hard to top)».

Då BT snakka med Uppstrøm i august 2002, fortalde han at han hadde budd seks år på Manhattan og tent pengar på 1980-talet.

Men han vart neppe rik på sjølve galleridrifta.

– Eg trur ikkje han bygde opp nokon liten formue i New York. I dei tre åra galleriet var i drift var det ikkje så veldig lønsamt, fortel Roland J. Augustine.

Det var han Uppstrøm og hans amerikanske partnar, kunstsamlaren Bernard Hodes, hyra inn for å drive galleriet. Augustine dreiv Galleri Bellman til det stengde i 1985. – Eg var glad for å vere ferdig med heile greia, og gå vidare til ein respektabel business, seier Augustine.

– Var ikkje Galleri Bellman respektabelt?

– Dei hadde kontrakt med Andy Warhol. Dei betalte for måleria han leverte, men så skulle dei òg ha nokre trykk. Og det betalte dei ikkje for. Så måtte eg gå inn og løyse situasjonen for dei.

– Var ikkje Uppstrøm og Hodes profesjonelle nok?

– Eg vil heller seie at då dei gjekk inn i galleribransjen, i ein sterkt veksande marknad, var det basert på ein idé om å tene raske pengar. Eg trur ikkje du kan gå inn i kunstbransjen med mål om å tene pengar fort, seier Augustine, som i dag eig velrenommerte Luhring Augustine Gallery i New York.

I MAI 1982 HADDE Uppstrøm flytta ut av Norge, og busett seg i London. Etter New York-åra flytta truleg Uppstrøm tilbake til London, der han gjekk i gang med å etablere eit nytt kunstgalleri: Mayfair Fine Arts i Conduit Street, ved bakinngangen til det berømte aksjonshuset Sotheby's. Jappetidas økonomiske opptur heldt fram, så marknaden var der då galleriet opna i 1987. Galleriet eigde Uppstrøm saman med Lois Stern, som i dag driv sitt eige galleri i Los Angeles.

Stern hadde blitt kjent med Uppstrøm i New York, og skildra Uppstrøm som ein sta, men hyggjeleg og jovial fyr, med roleg temperament.

Meininga med samarbeidet var at Uppstrøm skulle ha overoppsynet med galleriet, sidan han budde i London. Men slik gjekk det ikkje.

– Kort tid etter at vi opna vart han veldig sjuk. Han fekk hepatitt B på Kanariøyane, og vart sjuk i åtte–ni månader, fortel Stern.

Kombinasjonen med Uppstrøms sukkersjuke gjorde at han var døden nær, fortel fleire som kjenner han.

– Du veit, Tor Arne er ein stor mann, men då han kom ut av sjukehuset i 1988–1989, såg det ut som han hadde svolte til døde, seier Stern.

Amerikanaren måtte no ta over oppsynet med galleriet. Uppstrøm flytta tilbake til Oslo. Forholdet mellom dei to vart etter kvart dårleg.

– Han var ein endra mann då han kom ut av sjukehuset. Han var ikkje så konservativ som før.

– Kva meiner du med konservativ?

– Han var meir forsiktig i forretningar før – og ikkje så forsiktig etterpå, seier Stern.

– Eg har høyrt at han frykta for å døy ung, og dermed ønska å leve medan han gjorde det?

– Han viste i alle fall ein likeglad forakt for konvensjonar. Det såg ut til å vere handlingane til ein mann som hadde kort tid igjen på jorda, seier Stern.

Forholdet mellom dei enda med at Uppstrøm saksøkte Stern for pengar han skulda. Ifølgje Stern skulda òg Uppstrøm pengar til Stern.

– Men han var ikkje så bekymra for kva han skulda meg, berre kva eg skulda han. Eg trur han vart pressa av banken han hadde lånt frå. Slutten av 1980-talet var veldig dårlege år for oss i kunstbransjen, så vi var vel alle litt desperate, seier Stern.

SJØLV OM UPPSTRØM eigde galleri i Oslo, New York og London, deltok han ikkje noko særleg i den daglege drifta av galleria. Uppstrøm likte betre å operere som mellommann i kunsthandlar mellom rike, private samlarar.

– Uppstrøm prøvde å vere i bakgrunnen og trekkje i trådane. Han hadde utruleg gode kontaktar, og fekk fram mykje, seier ein sentralt plassert kjennar av kunstmarknaden i Norge.

Amerikanarane Augustine og Stern stadfester at Uppstrøm likte å drive denne typen «behind the scenes»-handlar, men kjenner ikkje til at han har drive med dette i stor stil.

Eit visst omfang må handelen likevel ha hatt, noko hesteoppdrettar Jan Bjørdal frå Stranda såg då han vitja Uppstrøm i Bjørnveien 24 på slutten av 1990-talet:

– Eg var heime hos han nokre gonger, og det var ikkje akkurat kven som helst sine signaturar på bileta som låg rundt omkring i huset til levering hit og dit. Han påstod at han ved par høve hadde vore inne blant dei ti mestseljande i verda, seier Bjørdal.

Andre kjelder fortel at Uppstrøm på den tida levde med relativt høg sigarføring, mellom anna med fast bord på Theatercafeen kvar fredag.

HESTEOPPDRETTAR Bjørdal møtte Tor Arne Uppstrøm i 1992, då Uppstrøm byrja å kjøpe hestar av Bjørdal. Han er ein av dei beste oppdrettarane i landet.

Då Uppstrøm i 1999 kjøpte ein stor landbrukseigedom i Normandie i Frankrike, var det Bjørdal han hyra til å byggje opp staden til eit stutteri.

Ifølgje Bjørdal var ikkje hesteinteressa billig for Uppstrøm.

– Eg vil tru han svei av ein 25 millionar kroner i året, seier han.

– Er det så dyrt?

– Han kjøpte mykje dyrt.

– Og det tente han ikkje inn att når hestane vann løp?

– Nei, ikkje nubbesjans. Det maksimale ein galopphest kan tene inn i Norge er mellom tre og fem millionar kroner gjennom eit liv. Berre det å halde ein galopphest kostar kjapt 200.000 kroner i året, og Uppstrøm hadde i si glanstid kanskje 30 hestar, seier han.

TORSDAG 15. AUGUST 2002. Tor Arne Uppstrøm lener seg smilande til gjerdet til paddocen på Øvrevoll. I innhegninga leiar ei lita jente roleg rundt på Martellian, ein hest Bjørdal har ala opp for Uppstrøm.

– Eg har hatt han sidan han var så liten, seier Uppstrøm.

Han blir rørt. Fortel om den svakelege folen som gjennom kjærleg omsorg har vokse til å bli ein bra «miler», med ein skikkeleg bra «finish».

Det er fire veker sidan han og Carl Fredrik Seim kjøpte verftet Mjellem & Karlsen i Bergen. BT spør kva han vil med verftet, men Uppstrøm har ikkje lyst til å prate om det.

Det einaste vi veit om Uppstrøm denne augustdagen i 2002 er at han er kunsthandlar, ein av Nordens største hesteeigarar og at han trekkjer i trådane i eigedomsselskapet Paleum, der kona Gunn er formell eigar.

Uppstrøm antydar at han har ein utanlandsformue som kan brukast til kjøpet og dei store investeringane som må til på Mjellem & Karlsen.

– Det står ikkje på det, viss vi finn det livskraftig, seier Uppstrøm.

Før vi skiljast lover Uppstrøm å ringje om ei veke. Då skal alt vere avklart med Mjellem & Karlsen.

Fire dagar seinare, måndag 19. august, slår Uppstrøm og Seim verftet konkurs.

– EG HAR SETT Tor rundt her dei siste fire–fem åra, seier Martin Stenning.

Det er i slutten av oktober 2008, og vi er tilbake i London, utanfor huset der Uppstrøm bur. Stenning fortel at han brukar å halde seg rundt Harrods. Han er fotograf, og lever av å fotografere kjendisar utanfor det luksuriøse varehuset, som ligg knapt 50 meter frå utgangsdøra til Uppstrøm.

– Tor pratar ofte med John med «The Big Issue» (gateavis for fattige). Gjev han 20 pund kvar gong, og ein gong gav han John 400 pund, seier Stenning.

John tener òg ein slant på å tipse Stenning om kjendisar som går inn på Harrods. Dei to kjenner kvarandre difor godt.

Det vart mykje spekulasjon om Uppstrøms sjukdom etter han ikkje dukka opp i Bergen i februar 2007. Fleire påstod at dei hadde sett Uppstrøm på gata i London.

Etter at BT treff på Uppstrøm i oktober i år får vi eit brev frå Uppstrøms advokat, Erling O. Lyngtveit. I brevet, som er ein protest mot at vi oppsøkte Uppstrøm, skriv Lyngtveit at Uppstrøm framleis er innlagt på sjukehus i London og at han er innom bustaden sin på permisjon frå sjukehuset når vi treff på han.

Martin Stenning på si side meiner Uppstrøm ikkje har vore lenge vekke frå leilegheita si det siste året.

– Mesteparten av tida har han vore her, seier han.

Tor Arne Uppstrøm si leiligheit i London.

DEN DRESSKLEDDE sjåføren kjem ut av leilegheitsbygget, og set seg inn i bilen med skiltmerket UP06 TOR. Range Roveren set i eit brøl. 600 hestar i V8-format kastar bilen fram mot neste hushjørne, og forsvinn ned gata.

Vi går inn til dei svært skeptiske portvaktene, legg att ein lapp som seier kven vi er og at vi gjerne vil høyre Uppstrøms versjon av Mjellem & Karlsen-historia. Dei skal gje den vidare til Uppstrøm.

Men Uppstrøm ringjer aldri tilbake, og advokat Lyngtveit er harm når vi vel heime prøver å få han til å formidle kontakt med Uppstrøm:

– Vi vil ikkje gje noko informasjon til deg og di avis slik som de har oppført dykk, du og dine paparazzoar!

DRAUMEN OM raske pengar i Mjellem & Karlsen enda ikkje bra for Seim og Uppstrøm. Seim er dømt til fem og eit halvt år i fengsel, ein dom han har anka. Uppstrøm kan ifølgje statsadvokaten risikere opp til ni års fengsel viss han blir dømt i saka som byrjar 5. januar.

I Bergen meiner mange, ikkje minst familien til Seim, at Seim berre var løpargut for Uppstrøm. Som svigermor til Seim, Wenche Valding Paulsen, skreiv i eit kjensleladd lesarbrev i BT i fjor haust:

«At Carl Fredrik er blitt lurt trill rundt av Uppstrøm er overhodet ikke blitt vektlagt.»

I Uppstrøms heimtrakter gjev dei ingenting for påstandar om at Uppstrøm har late Seim i stikken.

– Det trur eg ikkje noko på. Eg trur ikkje Tor Arne var typen til å bedra eller stele, seier Nils Bjørnflaten.

Andre i Notodden er litt meir tvilande, men ein som ikkje tvilar er Håkon Uppstrøm. Han har sjølv fått høyre så mykje ubehageleg etter Mjellem & Karlsen-saka, at han let vere å bruke Uppstrøm-namnet når han er i Bergen.

– Vi skjønner mykje av det som skjedde i Bergen, vi. Men det er ingen tvil om at det er ein stor tapar etter den affæren, og det er Tor Arne Uppstrøm. Tor Arne er ein fyr som gjer gode ting, og kjem nokon til himmelen, så er det han.

Håvard Bjelland