Halvannan time før demonstrasjonen skulle byrje var det fleire politifolk med skjold, hjelm og køller enn det var demonstrantar utanfor parlamentet i Beograd.

Ungdommar med store flagg var begynt å samle seg, og frå ein scene framfor parlamentsbygningen ljoma nasjonalistiske sangar.

På eit digert banner stod «Tadic er ikkje Serbia». Boris Tadic er president, og mannen som er ansvarleg for arrestasjonen.

Budde på bråk

Det radikale nasjonalistpartiet SRS står som arrangør. Dei meiner det vil vere forræderi å utlevere den krigsforbrytar-tiltalte Mladic til domstolen i Haag.

— Dei som ikkje er redde vil kome for å delta, sa Zoran Uzelac (72), som i 18-tida venta på at markeringa skulle byrje.

Valdelege og ultranasjonalistiske grupper har også bedt sine folk om å kome, og politiet er budde på at det kan bli bråk.

I 2008 gjekk ekstreme nasjonalistar amok og brende den amerikanske ambassaden etter ein i utgangspunktet fredeleg demonstrasjon mot at Kosovo skulle rive seg laus frå Serbia.

— Vi blir ikkje så mange denne gongen. Mladic er ein ærbar mann og ein stor patriot. Men Kosovo er viktigare enn han, sa Uzelac, som sjølv er serbisk flyktning frå Kroatia.

Det er venta at eks-generalen vil bli overført til Haag i neste veke, der han vil bli framstilt for retten og fengsla.

Fleire tusen samla

Klokka 19 hadde det samla seg fleire tusen demonstrantar i Beograd. Både kona og sonen til Mladic var med på scena, saman med mange andre. Nasjonalsangen er også spilt.

— Dei har med seg plakatar, flagg, t-skjorter og andre Mladic-effektar, seier BTs journalist på staden, Eystein Røssum.

- Men det går roleg for seg?

— Så langt har det ikkje vore nokon dramatikk, seier han.

NTB skriv søndag kveld at Mladic-tilhengarar kasta stein mot serbisk politi. Demonstrasjonen starta fredsamt, men etter kvart begynte nokre titalls demonstrantar å kaste stein mot politiet.

Fleire av dem var ungdomar, med ansikta skjult. Episoden beskrives som ei enkelthending under arrangementet, som samla 8.000-10.000 menneske.

VENTA: Zoran Uzelac (72) venta på at markeringa skulle byrje søndag kveld.
MARITA AAREKOL
BRÅK: Politiet i Beograd er budde på at det kan bli bråk og er tungt væpna.
MARITA AAREKOL