I går hadde Statens vegvesen store problem med å få unna trafikken langs Vangsvatnet: Det var lange køar og einvegskjøring på den smale vegen på sørsida av vatnet. Den rundt ti km lange bygdevegen er einaste alternative rute forbi jordraset som sperrar E16 ved Hellesnes. Ingen veit når hovudvegen kan opnast att.

På toppen av den vanlege trafikken kjem nå NSBs bussing av mange hundre passasjerar på same strekning. Det kjem til å gjere vondt verre:

- Med så mange bussar på denne smale omkjøringsvegen må vi innføre einvegskjøring. Det er få møteplassar. Det er ikkje så heldig for trafikk— avviklinga, seier byggjeleiar Kåre Olav Aldal i Statens vegvesen.

Ber om utsetjing

Det er lenge planlagt vedlikehaldsarbeid på Vossebanen som gjer at NSB må setje inn bussar. Banen er stengt kvar dag mellom kl. 08.50 og kl. 14.30. Statens vegvesen kjem i helga til å spørje Jernbane-verket pent om vedlikehalds-arbeidet kan utsetjast.

- For oss ville det vore det beste. Men arbeidet har truleg vore planlagt i lang tid. Vi får høyre kva dei seier, seier byggjeleiar Aldal i vegvesenet.

I Jernbaneverket er planen inntil vidare å stengje banen.

- Dersom trafikken blir sterkt påverka av dette, kan det hende vi endrar meining. Men slik det ser ut i dag, følgjer vi planen, seier pressevakt Ragnhild Aagesen i Jernbaneverket. Årsaka er nettopp at det omfattande arbeidet har vore planlagt lenge.

Trudde dei skulle døy

Den franske TV-produsenten Anne Viry-Babel og fotograf Jean-Christophe Chéneau var nær ved å bli tatt av det 50 meter breie raset som dundra ned på E16 torsdag kveld.

- Vi var sikre på at vi kom til å døy. Vi har vore veldig heldige. Hadde vi stått tre meter lenger bort, ville vi ikkje vore her i dag, sa Viry-Babel i går ettermiddag. Dei to måtte stanse leigebilen då jordmassane begynte å kome ned på E16. Dei kom seg ut, og vart vitne til at bilen vart treft av eit tre, før han vart heilt dekt av grus og leire.

- Der og da føler du ingenting. Men i ettertid får det deg til å tenkje på livet: At i det eine sekundet er du i live, og i det andre sekundet kan du vere død, seier Viry-Babel.

- Eg har reist og filma over heile verda, og opplevd mykje dramatisk. Men dette er første gongen eg trur det må finnast ein vernande engel som passar på meg, seier Chéneau, som i går fekk henta kamerautstyret i bilen — også det heilt uskadd.

Ber folk køyre om Kvamskogen

Statens vegvesen gjekk i går ettermiddag laus på arbeidet med å rydde E16. Det er lausmassane på oppsida av vegen som er det største problemet.

- Først må vi fjerne det vi kan med gravemaskiner. Maskinene må sikrast, og det er komplisert, seier Aldal. Arbeidet kjem til å gå føre seg gjennom helga, men kan berre skje i dagslys, ifølgje Vegvesenet. Deretter må berget spylast reint.

Totalt må eit område på 50 x 70 meter reinskast.

- Ein stein er nok til å treffe ein bil, så vi må ha det fritt for massar, heilt ned på berget, seier Aldal.

Han oppmodar alle som kan om å køyre fylkesveg 7 over Kvamskogen dei neste dagane.

- Måndag skal vi gjere ei ny vurdering av situasjonen på E16. Det er heilt uråd å seie i dag kor mange dagar vi treng til arbeidet, seier Aldal.

FULL STANS: Det var i går ettermiddag lange køar på E16 for å kome inn på omkøyringsvegen ved Bulken. Vegvesenet har stengt hovudvegen mellom Bergen og Voss på ubestemt tid. Oppryddinga og sikringa er komplisert.
Marita Aarekol