Marit Bendz (tekst og foto)

KANSKJE ER DET alt termalvatnet som boblar opp frå bakken som gjer at alvar og dvergar har overlevd. Det er framleis god skikk å forhandle med dei underjordiske før ein startar å byggje. Og både hus og vegar kjem i eit forrykande tempo i Reykjavik for tida.

– Vi held ein dynamisk og filosofisk tradisjon i live, seier allherjargode Hilmar Ørn Hilmarsson, leiaren i det islandske åsatrusamfunnet, Ásatrúarfélagið. Han slår fast at den norrøne trua er basert på toleranse – noko alle prestar truleg vil seie om sin eigen religion. Likevel meiner Hilmar at «Håvamål» står i ei særstilling, ikkje minst når det gjeld å reise.

– Her er det så mange konkrete og praktiske råd om å vere ein god gjest og ein god vert. Det er jo uhyre aktuelt, med globaliseringa og tilspissinga mellom Vesten og den muslimske verda. Dei åsatruande er fredsæle, dei har ingen tankar om å nedkjempe dei vantru og erobre nytt land, dei let kvar og ein tilbe gudane på sitt vis. Og dei prøvde ikkje å omvende folk!

VI DRIKK KAFFI på Kafé Victor i Reykjavik, her er både prisane og vikingfaktoren høg. Mobilen ringjer. Hilmar berre må stikke bort i retten, allherjargoden har nemleg saksøkt styresmaktene på grunn av fordelinga av pengar til trussamfunna på Island. Han meiner statskyrkja får for mykje i høve til medlemstalet, og viser til det norske systemet som rettvist.

Kvelden før møtte eg Totla (22), som tykkjer det er fint å bu i Reykjavik no. Ho peikar på ein svart bankkoloss ved enden av Ingolfsstræti.

– Den skulle ikkje stått nøyaktig der, for på tomta låg eit lite alveberg. Som overalt elles der menneska trassar alvane, gjekk det meste gale. Maskiner gjekk i stå og arbeidarar vart skadde, så banken vart flytta fleire meter, fortel ho.

Islendingane tek meir omsyn til dei underjordiske enn oss, som legg oss på konfrontasjonslina og syng «men vi skal mine dem alle herut». På Island satsar dei på dialog og ringjer til Erla Stefansdottir og ber ho kome å snakke med dei. Stort sett kjem ho til semje med dei underjordiske, som får nokre dagar på seg til å flytte.

– Eg vil gjerne tru at dei finst, seier Totla, som lovar å ta meg med til det berømte alveberget i utkanten av Hafnarfjördur dagen etter, der motorvegen er lagt i ei boge rundt eit berg som var heilag for alvane.

BONDEN OG POETEN Sveinbjörn Beinteinsson skipa åsatrusamfunnet i 1972, og var allherjargode fram til sin død i 1993. Ideen fekk han då Jesus Children inntok Island. Då tenkte han: Kvifor skal vi ta imot alle desse nye sektene når vi kan skape nytt liv i vår gamle religion?

Framleis dukkar det opp misjonærar frå ulike sekter, utan at nokon av dei har fått fotfeste. Eg støtte på ein forvirra nordmann i Hafnarfjördur, som delte ut løpesetlar om vegetarkost, meditasjon og ein diskret link til Gods Direct Contact. Den unge disippelen var ein lite truverdig vegvisar då han var overtydd om at han stod i sentrum av Reykjavik, som ligg eit par mil lenger nord ...

Islendingar har alltid vore tolerante med omsyn til religion, og åsatrua har vore levande bak lukka dører heile tida. Då islendingane friviljug let seg omvende til kristendommen i år 1000, sette dei tre vilkår; at dei skulle få halde fram å ete hestekjøt, noko som vart forbode i Noreg, at dei framleis kunne setje barn ut i skogen, noko som vart forbode 18 år seinare, og til sist, at dei skulle få halde fram med å blote til sine gamle gudar – i løynd. Meir pragmatisk kan det ikkje verte.

EIT KVARTER SEINARE kjem Hilmar oppglødd att.

– Saka kjem opp i høgsterett i slutten av september! Vinn vi ikkje, går vi til Strasbourg, slår den snart 50 år gamle musikaren fast, og fortel om korleis dei vart latterleggjort av kyrkja i byrjinga.

– Men den steile motstanden har gjeve oss mange nye medlemmer. Biskopen trakka grundig i salaten, mellom anna ved å skulde oss for å vere primitive, destruktive og barbariske. No tek dei oss på alvor, medlemstalet har stige til kring tusen, og vi forrettar nærare 30 vigslar i året.

ALLEREIE SOM TOLVÅRING vart Hilmar hekta på den norrøne mytologien. Han melde seg inn på sekstenårsdagen sin i 1973. Foreldra var ikkje blide, men familien hadde allereie innfunne seg med at sonen var galen.

Framleis vert mange av dei norrøne rituala og symbola sett i samband med nazismen. Men Hilmar er heilt på line med vår eigen forfattar Tor Åge Bringsværd – vi må ta den gamle trua vår attende frå nazistane!

– Vi har hatt små fraksjonar med nasjonalistar, men dei vert fort isolerte. Leiarane våre går nok politisk meir mot venstre enn mot høgre, så vi har aldri hatt problem med nynazistar i organisasjonen, fortel allherjargoden.

DET ÅRLEGE TINGET vert halde på Thingvellir, den gamle tingstaden på Island. Dei fire store høgtidene i åsatrua er jul, første sommardag i april, midtsommar og haustblotet. Men moderne Odin-dyrkarar blotar verken menneske eller dyr. Derimot les dei mykje i «Edda» og sagaane.

– Poesien, verdsbiletet og respekten for naturen som vi finn i den norrøne litteraturen er ein dynamisk tradisjon. Økologi er ein sentral del av åsatrua, og noko av det som gjer ho meir aktuell enn dei store religionane. Kristendommen har sett seg sjølv opp mot harmonien i naturen, meiner Hilmar. På blota signar dei maten og skåler for gudane med mjød i drikkehornet.

BER HAN? Hilmar tenkjer seg om, klør seg i skjegget.

– Eg kommuniserer med krefter i naturen. Ja, av og til ber eg.

Åsatrua var truleg religionen til overklassen, medan naturreligionane framleis sat djupt forankra i vanlege folk gjennom heile vikingtida. På same vis vart kristendomen den offisielle religionen på sagaøya, medan Tor, Odin og Frøya levde i beste velgåande i dei små stovene over heile Island – og i Noreg.

Åsatru, kristendom og alvetru levde altså side om side. Men verken Jesus eller Tor var til særleg hjelp i mellomalderen, som var aller mørkast på Island. Dei stolte langskipa dei ein gong kom med, rotna, og det fanst ikkje lenger trevirke til å byggje nye. Svartedauden inntok øya eit halvt sekel etter resten av Europa.

Kaldare klima gjorde korndyrkinga umogleg. Mange fraus eller svalt i hel, medan varmvatnet pipla opp utanfor stovedøra og dei mest fasjonable sjørettar låg i fjorden – hummar og blåskjel var ikkje mat. Islendingane åt dessutan berre fisk som såg vennleg ut. Unnataket var hai. Den grov dei ned i sand, tok den opp att neste vår – då hadde den fått eit mildare blikk, så då hang dei han til tørk og åt han. Helst med nasjonaldrikken Svartedauir til. Begge delar smaker fælt.

MEDAN DEI prøvde å overleve, fortalde dei kvarandre gamle historier og dikta nye. Islendingane har teke vare på både vår mytologi, historie, språk og segner.

– Det er bra at vi innser at vi ikkje er åleine på jorda. Alvane har alltid vore her, seier Hilmar. Sjølv har han ikkje sett nokon, det har heller ikkje Sippa Karlsdóttir i Hafnarfjördur, men ho veit alt om dei underjordiske.

– Alvane er gode om dei får vere i fred, seier ho alvorleg. Ut trillar historier om bytingar og dvergar, om gode og gruelege møte mellom menneske og «dei andre».

– Snorre fortel i Edda at dei vakre alvane bur i skyene, medan dei fæle bur under bakken. Truleg prøvde han så godt han kunne å sameine gammal tru med kristendomen, fortel Sippa til ei reiselivsdame frå Estland, storleg imponert over eit turisttilbod tufta på gammal overtru. No skal ho reise heim og finne dei gamle estiske underjordiske!

TOTLA PLUKKAR MEG opp med den eldste bilen eg så langt har sett på Island, og vi kruser sørover mot Hafnarfjördur og det heilage alveberget.

– Men kva i all verda, er dei «klikkadur»? ramlar det ut av sjåføren. Eit spildrande nytt forretningsbygg kneisar på knausen vegen går rundt.

– Det var der ikkje for nokre månader sidan. Korleis kan dei!

Totla er opprørt. Ein byggjer ikkje der alvane har sin heilage stad. Ho er stille på veg mot Reykjavik att. Det er stille i gatene òg. Det vidgjetne festlivet byrjar ikkje før nærare midnatt.

Europas hippaste hovudstad er ei underleg blanding av trøndersk festkultur og nordnorsk leve-i-nuet-haldning, av sunnfjordsk ro og sunnmørsk evne til pengeyngling. Så spørst det om dei utbyggingskåte, moderne ingeniørane – for ikkje å snakke om dei utanlandske aluminiumsgigantane – tek seg tid til minnelege ordningar med alvane eller om dei byrjar å sprenge dei alle herut i staden.

UVIGSLA JORD: Ein oval, steinsett ring ligg midt på gravplassen for heidningane.