Forsvarssjefen har ingen innvendingar eller motførestellingar mot at eit av køyretøya til den norske ISAF-styrken er pryda med namnet «Blodøks».

– Soldatane finn sjølv på kva dei kallar køyretøya. Det er ganske vanleg å bruke gamle norsk kongenamn. Vi vel å tru at ein her siktar til Eirik Blodøks som er eit gammalt norsk kongenamn, seier underdirektør Birgitte Frisch til Bergens Tidende. Ho er fungerande sjef for presse— og informasjonsavdelinga i Forsvarsstaben og dermed talskvinne for forsvarssjef Sverre Disen.

Eirik Blodøks som levde ca. 895-954, var son av Harald Hårfagre. Han fekk tilnamnet Blodøks etter å ha drepe fleire av brørne sine. Han var alminneleg hata, fortel Store Norske Leksikon.

– Eirik Blodøks var ein norsk konge om ein likar det eller ikkje. Vi har ingen motførestellingar mot at det står «Blodøks» på ein av bilane våre i Afghanistan. Vi har sett biletet og veit ikkje om namnet Eirik er blitt slite ut på bilpanseret slik at det berre er «Blodøks» som står att, seier Frisch.

– Dette namnet skaper lett uheldige assosiasjonar. Det er ikkje særleg klokt å trekkje norsk mellomalderhistorie inn i ein slik samanheng. Dei norske styrkane i Afghanistan bør ha heilt andre oppdrag enn det eit slikt namn markerer og signaliserer, seier historieprofessor Berge Furre til Bergens Tidende.

– Det er all grunn til å spørje forsvarssjefen om dette er uttrykk for ein mentalitet som ein ønskjer seg. Eg meiner ein bør vere på vakt mot ein slik mentalitet, seier Furre.

– Det er fullstendig umusikalsk å ta i bruk dårlege delar av Noreg si historie på denne måten. Det kan verke som ein grov provokasjon og signalisere at det er ein åtakskrig vi er engasjert i, seier SV sin forsvarspolitiske talsmann, Bjørn Jacobsen.

JACQUES HVISTENDAHL