— Den pakistanske hæren har sendt 30.000 soldatar inn i Sør-Waziristan for å kjempe mot Taliban-opprørarar. Kvifor er dette området så vanskeleg å kontrollere?

– Folket her, pashtunarane, har alltid vore veldig sjølvstendige, med ein sterk våpenkultur. Det er kanskje det mest macho samfunnet i verda. Dei har det vi kallar eit anarkisk samfunn, der familiane styrer seg sjølve. Dei har aldri vore kontrollert utanfrå.

– Grensa mellom Afghanistan og Pakistan – Durand-linja – kryssar rett gjennom dei pashtunske områda, med same folkegruppe på begge sider. Kvifor vart grensa trekt akkurat her?

– Den vanlege oppfatninga er at dette var så langt nord britane greidde å kome på slutten av 1800-talet. Grensa er oppkalla etter Mortimer Durand, den britiske diplomaten som forhandla med emiren av Afghanistan om grenseopptrekkinga i 1893. Ei alternativ og interessant forklaring er at britane var livredde for Tsar-Russland, som ekspanderte frå nord. Dei såg seg tent med å ha eit uroleg område som buffer mot det russiske riket. Men dette har uansett aldri vore ei grense i vestleg forstand, meir eit grenseområde. Det er også nedfelt i lova at det skal vere fri ferdsle over grensa for dei som bur her.

– Korleis har forholdet vore mellom pashtunarane og den pakistanske staten?

– Det har alltid vore gnisningar. Pashtunarane har på same måte som kurdarane drøymt om få sitt eige land – Pasthunistan. Etter at Aust-Bengal reiv seg laus frå Pakistan og vart til Bangladesh, frykta mange at pashtunarane skulle gjere det same. Pakistan har ført ein hard politikk for å forhindre dette. Eit forsøk i Kohistan på å erklære sin eigen stat i 1973 vart hardt slått ned, med pakistanske kamphelikopter som angreip fleire landsbyar.

– Delar av grenseområda er organisert som «føderalt administrerte stammeområde» (Federal administrated tribal areas -- FATA). Korleis fungerer dette systemet?

– Familiane og klanane er heilt autonome. Pakistanske lover og domstolar – inkludert dommar frå høgsterett – gjeld ikkje her. Folket har ikkje ønskt å underordne seg den pakistanske staten, og det er vorte akseptert. Systemet vart etablert under britane, den gongen området var ein del av britisk India. Inntil nyleg har stammefolka ikkje hatt stemmerett, og dei har ikkje hatt politiske parti. Ein «politisk agent» er statens representant, med vide fullmakter – i alle fall på papiret. Han skal passe på Pakistans interesser.

– Kva inneber det?

– Hovudvegen frå Pakistan til Afghanistan gjennom Khyber-passet er for eksempel definert som statleg eigedom. På denne vegen, og nokre meter på kvar side av han, har folk ikkje lov til å bere våpen. Men elles er det fritt fram. Ein lokal kokk på ein vestleg ambassade i Islamabad forelska seg på 90-talet i ei kvinne som arbeidde på den norske ambassaden. Det endte med at kokken drap ektemannen hennar. Etterpå rømde han inn i stammeområda. Der kunne pakistanske styresmakter ikkje røre han.

– Kvar kjem den sterke våpenkulturen frå?

– Det har aldri vore ein stat som har gitt vern her. Det er opp til familien sjølv å forsvare seg. I eitt av områda der eg arbeidde, nord for FATA, hadde halvparten av familiane vore involvert i blodfeider. Mennene sat på do med kalsjnikoven på fanget. Dei sov i eigne steintårn, bygd for angrep, med geværet klart. Slik arkitektur finst ikkje i andre delar av Pakistan. Samtidig er dette enormt gjestfrie og vennlege folk, som ikkje veit kva godt dei kan gjere for gjestar.

– Berre tre prosent av jentene går på skule i FATA, langt færre enn i resten av Pakistan. Kvifor er det slik?

– Dette er verdas mest ekstreme mannssamfunn, og dei held seg med ei fanatisk og ortodoks form for islam. Eg har av og til argumentert med at det må vere bra at jentene lærer seg å lesa i koranen. «Jau, men då kan dei byrje å skrive brev til kvarandre og få dumme idear», er svaret. Jentene blir gifta bort tidleg for å bli mødre og gardskoner. Det har vorte enda strengare i dei siste åra, på grunn av ortodokse misjonærar. Desse er påverka av den ortodokse arabiske Wahabi-rørsla, som også Osama bin Laden har band til. Før kunne det vere dans og musikk i bryllaup, det er det slutt på nå.

– Dei pakistanske grenseområda tok imot millionar av flyktningar etter den sovjetiske invasjonen i Afghanistan. Kva effekt hadde krigen?

– Det vart ei sterk militær opprusting. Dei afghanske geriljakrigarane fekk mykje hjelp frå den pakistanske etterretninga ISI, og frå USA. Kampen hadde brei støtte i folket. Kommunistane vart sett på som ateistar, og det var det verst tenkjelege – til og med verre enn å vere hindu. Det kom også arabiske krigarar, og mange frå Pakistan dro for å delta i kampen.

– Når dei er så negative til framande inntrengjarar; kvifor har arabiske misjonærar og krigarar fått lov til å etablere seg her?

– Pashtunarane set arabarane høgt. Dei snakkar det språket Koranen er skrive på, og er på ein måte Guds utvalde folk. Men det er ting som tyder på at det nå byrjar å bli for mykje innblanding. Det er ikkje utenkjeleg at det kan bli konflikter mellom arabiske krigarar og dei lokale, som ikkje likar å bli fortald korleis dei skal leve.

– Kor sannsynleg er det at den pakistanske hæren vil lykkast med den siste militære offensiven i Sør-Waziristan?

– Dei kan greie å skaffe seg meir kontroll enn dei har i dag. Men heilt kontroll har dei aldri hatt, og eg trur heller ikkje at dei nokon gong vil få det – om dei i heile tatt kjem til å prøve.

Diskuter artikkelen her!