Då Bergens Tidende snakka med ho i ettermiddag, hadde dei fire kvinnene som alle er busette i Bergen, innkvartert seg i lugaren på cruiseskipet dei skulle reise med til middelhavsøya. Båten dei fire kom med på, var øyremerkt for å evakuere FN-personell og deira familiar frå landet.

— Det var plass til ein del sivile utanom, og vi var så heldige å komme med, seier Rømo.

Palestinakomitéen

Saman med Lisa Landsverk Engervik (27), Lene Nordli (26) og Gunhild Raunsgard (26) har Rømo vore innesperra i flyktningleiren sidan dei israelske angrepa sør i Libanon tok til. Dei fire anten arbeider eller studerer i Bergen.

Rømo er til dagleg førskulelærar i ein barnehage. I fjor haust var ho og Gunnhild Raunsgard i nokre månader hjelpearbeidar for Palestinakomitéen i flyktningleiren. Der underviste dei mellom anna i engelsk.

Tidleg i juli drog dei Rømo og Raunsgard tilbake på ferie for å besøkje dei to venninnene som då jobba i leiren, og andre dei blei kjende med i fjor. Berre dagar etter at dei kom til Libanon tok bombene og rakettane til å hagle.

Rashedieh ligg berre nokre få mil frå grensa til Israel. I flyktningleiren bur 16.000 menneske i hus. Dei siste dagane har folketalet i leiren auka kraftig, etter at mange libanesarar har søkt dit for å finne ly for bombene.

Målretta mot Hizbollah

Sjølv om dei fire kvinnene har sett og høyrt bombene falle nær ved, observert kampfly i lufta på veg for å bombe Beirut og andre område nord i landet, og sett israelske krigsskip i havet like utanfor leiren, har dei kjent seg trygge.

— Vi har i grunnen aldri vore redde for at det skulle komme angrep på Rashedieh. Israel er ute etter Hizbollah, og angrepa verkar vere målretta mot dei, seier førskulelæraren.

Sogndalskvinna fortel at dei har fått god omsorg og støtte i leiren.

— Situasjonen i området blir stadig meir spent. Folk er i ferd med å bli ganske desperate.

Onsdag blei kvinnene evakuerte frå flyktningleiren til den libanesiske hamnebyen Tyr, som berre ligg nokre kilometer unna. Der registrerte dei seg på eit FN-kontor, og fekk vite at det var ein sjanse for at dei kunne komme med båten som skulle gå dagen etter. Natt til torsdag overnatta dei på stranda i hamnebyen, og i føremiddag fekk venninnene grønt lys for å gå om bord i cruisebåten FN hadde leigd.

Då Bergens Tidende snakka med Rømo, kom det framleis passasjerar om bord. Cruiseskipet låg eit stykke frå hamna, og lettbåtar blei brukte til å ta folk ut til skipet. Planane var at skipet skulle lette anker i går ettermiddag. Då ville dei vere framme på Kypros kring midnatt.

— Vi veit ikkje kva som skjer då. Vi har høyrt at det skal vere eit informasjonsmøte, fortel Rømo.

Ho legg ikkje skjul på at ho no vil heim så fort som råd.

— Badeferie på Kypros freistar ikkje så veldig akkurat no, seier ho.