EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

— Ambassaden i Katmandu fekk meldinga om dommen i 18.30-tida lokal tid. Då var besøkstida i fengselet over og alle kontor stengde, seier Lisbeth Ilsøe Berg, kona til Trond Berg.

Måndag skal ambassadør Ingrid Ofstad og Bergs advokat ta turen til Bhadra-fengselet og fortelje misjonæren at han torsdag har sona ferdig dommen som vart avsagt søndag.

Budd på dårleg nytt Berg vart dømt til tre månader og 20 dagars fengsel for ulovleg misjonering. I praksis betyr det berre fire dagar til, i og med at Berg har vore fengsla sidan han vart pågripen 30. oktober i fjor.

— Eg veit ikkje heilt om eg har fatta at dette er sant. Vi hadde innstilt oss psykisk på at utfallet kunne bli eit heilt anna, seier kona, som har sendt ei helsing ektemannen skal få når han tek imot dei besøkande i fengselet måndag.

Lisbeth Ilsøe Berg feira dei gode nyheitene på morsdagen med middag på Solstrand Fjord Hotel saman med dei tre barna og resten av familien. Ho håpar ektemannen kan vere attende i Bergen i løpet av førstkommande helg.

Trur på lauslating

— Vi har fått signal om at dom-men ikkje vil bli anka av påta-lemakta, og har ingen grunn til å tru anna enn at Berg vil bli lauslatt denne veka. Vi reknar også med at han ønskjer å reise heim raskt, seier fungerande pressetalsmann Bjørn Berge i Utanriksdepartementet.

FRI TORSDAG: Bergensmisjonæren Trond Berg vart dømt til tre månader og 20 dagars fengsel for ulovleg misjonering i Nepal. I praksis betyr det at han blir ein fri mann torsdag.(Arkivfoto: Jan M. Lillebø) Dommen