• Anne Pedersdatter var eit vanskeleg kvinnfolk spør du meg, men ho var også eit offer for eit brutalt og patriarkalsk samfunn, seier Nils Gilje, som i ei ny bok prøver å vise at det er ingen klåre heltar eller skurkar i hekseprosessen mot Anne Pedersdotter.

Kjersti Mjør

— Alle var deltakarar i eit komplisert spel med skuldingar og motskuldingar, meiner forfattaren, som arbeider ved Institutt for kulturstudiar og kunsthistorie i Bergen.

I boka «Heksen og Humanisten» fortel han historia om Anne Pedersdatter, som vart brent som heks på Nordnes i 1590 og mannen hennar, Absalon Pederssøn Beyer, som var ein sentral skikkelse innanfor den såkalla bergenshumanismen.

Gilje har sett på Anne Pedersdatter og Absalon Pederssøn Beyer med historisk-antropologiske briller, og prøvd å forstå enkelte sider ved tankeuniverset på 1500-talet.

— Med dagens rettsprinsipp er det sjølvsagt heilt rett å kalle det som skjedde med Anne Pedersdatter eit justismord, men slik menneska levde og tenkte i Bergen på 1500-talet er det ikkje tvil om at mange meinte det var rett å døme Anne Pedersdatter til døden, seier Nils Gilje til På Høyden.