Han visste at Ida var ein brannfakkel i forskingsmiljøet. At funnet av det 47 år millionar gamle fossilet ville bli svært omstridd. Derfor hadde Jørn Hurum sett av 14 dagar til journalistar. Så feil kan ein førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo ta.

— Nå er det gått fem månader med dritslenging og mykje pepper. Men eg ville gjort det igjen, seier Hurum.

Tsunamien Ida Sirkus Ida tok til på American Museum i New York 19. mai i år. Og tok fullstendig av. Det sensasjonelle funnet nådde førstesider verda rundt.

I går fortalde Hurum om sine erfaringar etter Ida-lanseringa på eit seminar i Bergen i regi av forskning.no.

— Norske Se og Hør-journalistar blir småtteri samanlikna med blodhundar frå New York og London. Vanvittig!

Hurum la ikkje skjul på at han i dag er møkklei journalistar, og karakteriserte mediefenomenet Ida som ein tsunami, som i dag lever sitt eige liv.

— Eg forstår kva toppolitikarar i kjempetrøbbel gjennomlever. Eg har opplevd noko liknande sjølv dei siste månadene, sa Hurum, og tok historia om Ida frå byrjinga.

Ståpels i Hamburg I det fullsette auditoriet fortalde Hurum om korleis han vart kontakta av ein forhandlar på ei steinmesse i Hamburg i 2006, og fekk sjå dei første bileta av Ida. Paleontologen skjønte straks at dette var hans store sjanse.

— Eg fekk ståpels på heile kroppen, og sov ikkje på to netter.

Hurum pruta ned prisen på det tyske fossilet til 4,5 millionar kroner, og overtalde Naturhistorisk museum i Oslo til å budsjettere med underskot.

Å utnemne ei internasjonal forskingsgruppe var ein del av strategien. På denne måten kunne ikkje Norge bli skulda for å røve tysk arvesølv. Men korleis marknadsføre Ida, som er oppkalla etter dottera til Hurum?

Framgangsmåten var ny: Verdssensasjonen vart presentert på fleire plattformer samtidig. Pressekonferanse i New York. Eiga nettside. TV-dokumentar. Artiklar.

— Det hadde aldri skjedd før. I dag snakkar vitskapsjournalistar om tida før og etter Ida, sa Hurum.

Harry Potter-stil Hurum fortalde om History Channel, som kuppa pressekonferansen på ein «stygg måte», og om oppvasken etterpå.

— Det slit vi med framleis.

Om boka «The Link», som vart sendt i forsegla pakkar til amerikanske bokhandlarar i rein Harry Potter-stil. Og om den tyske versjonen som fekk tittelen «Das missing Link».

— Fytte grisen, no er vi i gang igjen, tenkte vi! Men det var ikkje vår bok. Vi kunne ikkje forandre ein idiotisk tittel.

At Ida av forlaget og mange medier vart lansert som «missing link» - som eit hittil uoppdaga mellomledd mellom aper og halvaper - fekk kritikken til å hagle frå andre forskarar. Hurum vedgår at han har brukt uttrykket sjølv.

— Nokre få gonger. Det politisk korrekte uttrykket er «intermediate form», seier han.

«Ida's pimp» Hurum var førebudd på mykje av kritikken som skulle kome. Men ikkje alt. Ida-lanseringa er blitt kalla «the biggest crucification in science», og den formidlingsglade forskaren har fått mykje kritikk: Blitt kalla Idas hallik. Skulda for å vere kjøpt opp av Disney. For å ha tent seg rik på TV-dokumentaren. Påstandar han avviser blankt.

- Men presset har vore enormt.

Hurum svarar ikkje lenger på fasttelefonen, og slår alltid av mobilen om natta. Han er også blitt uhyre selektiv, når det gjeld å svare på e-post.

— Ville du gjort noko annleis i dag?

— I grunnen ikkje. Alt gjekk ikkje like bra, men dette var nybrotsarbeid og vi hadde ingen å dra vekslar på i Norge. Vi tråkka på ein del tær. Nokre visste vi var der, andre ante vi ikkje om. Men læring og formidling skal liksom vere tørt. Når vi gjer det på ein såpass annleis måte, blir ein del personar ganske sinte.

Er Ida eit gjennombrot for evolusjonsforskinga, eller er ho opphaussa? Sei meininga di!