Raudknoppanda som dreiv dank ved Sandringhamn Kafe på Hjellestad tidlegare denne veka, er ingen rømling frå Rosendal. Anda, som har blitt omtala i avisa fleire gonger i det siste, har tilhøyrt ein andeflokk på Hjellestad, og er kanskje blitt mobba bort frå dei andre endene i flokken, meiner Kristian Hjortland i matbutikken Joker Hjellestad. Han overleverte fredag anda til ein familie frå Hindenes i Lindås som kom heile vegen derifrå for å henta fuglen.

Saman med Donald

Dei to snegleetande endene som stakk av frå hagen til Anne Sigrid Totland Lunestad i Rosendal, må altså ha hamna andre stader. Totland Lunestad trudde kanskje at anda på Hjellestad var Kvikk eller Kvakk, ein av dei fuglane ho sakna.

På Hindenes blei anda døypt Dolly. Der lever ho Herrens glade andedagar blant mange andre frittgåande fuglar som Donald, Goggen og Hanne Panne på garden til Mette Sørensen.

På veg frå Hjellestad til Hindenes sat Dolly på fanget i bilen. Bompengevakta på Nordhordlandsbrua gjorde store auge då anda stakk hovudet fram frå førarsetet.

Saknar endene

Men kvar er så Kvikk og Kvakk? Rømlingane frå Rosendal. Bergens Tidende sine lesarar gjer sitt for å oppklara mysteriet. To nye andeobservasjonar kom inn til redaksjonen i går. Martin Træland frå Lindås fortel at han har hatt ei framand and i hagen i to veker no, anda liknar på den det har vore bilete av i avisa. Ein annan lesar meiner han såg Kvakk sin kompanjong Kvikk ved Myrdalsvatnet på veg mot Totland for kring fire veker sidan. Den anda var kvit og heilt tam.

Anne Sigrid Totland Lunestad i Rosendal vurderer no å reisa for å oppsøkja dei observerte endene.

— Vi saknar dei to endene. Dei var så kjekke å ha, dei var heilt tamme og svært folkekjære og likte å bli klappa. Dei forsvann herifrå i kuldeperioden like etter jul, vi vil svært gjerne ha dei tilbake, seier ho.

IKKJE KVAKK: No heiter denne anda Dolly. Ho flytta frå Hjellestad til Hindenes i Lindås på fredag. Der lever ho i lag med Donald og Goggen. I Rosendal har ho visstnok aldri vore.<p/> ARKIVFOTO: FINN A. LILAND