Ein offiser ved Forsvarets stabsskule har nærmast avsagt dødsdom over Taliban. Frittstånde ekspertar meiner det er rein ønsketenking. Det er kommandørkaptein Ola Bøe Hansen ved Forsvarets stabsskule som trur at Taliban innan utgangen av 2007 vil vere «voldsomt svekka». Han har sjølv gjort teneste i Afghanistan.

«Slaktar» Taliban

Hansen seier til Bergens Tidende at han bygger på opplysningar frå både graderte og ugraderte kjelder. Det omfattar opplysningar over falne Taliban-soldatar, Nato sin auka innsats, utsegner frå Taliban, og skifte i metodar som Taliban gjer bruk av. Han meiner rekrutteringa til Taliban har svikta, at dei nyttar betaling eller trugsmål for å skrape saman styrkar som både er dårleg trent og lite motivert.

— Taliban nyttar nå meir skitne metodar; bakhaldsåtak, bruk av sivile. Det er gisseltakinga som gjer at dei verkar desperate. Når dei nå tek kvinner som gisler vender lokalbefolkninga seg mot dei. Hansen.

Kraftig motbør

Han får kraftig motbør frå Afghanistan-ekspertane Kristian Berg Harpviken ved Fredsforskingsinstituttet og frå Arne Strand ved Christian Michelsens Institutt.

— Eg har diverre inga tru på at Taliban vil vere knekt i løpet av dette året eller i løpet av kort tid, seier Harpviken. Eg trur ikkje noko på at skifte av taktikk er uttrykk for veikskap. Dei prøvde seg med konvensjonell krigføring i ein periode i fjor. Det var eit blaff der dei leid store tap. Men samstundes oppnådde dei å ryste Nato kraftig slik at det vart skapt debatt i Nato-landa om heile engasjementet., seier Harpviken.

Han meiner det er fleire klare indikasjonar på at krigen ikkje utviklar seg slik Nato ynskjer og har venta. Nettopp Taliban sitt skifte av taktikk har skapt nye store problem for Nato. Det er samstundes viktig å vere klar over at Taliban har eit langsiktig perspektiv: 10 år, 15 år, 20 år.

Demonstrasjonar mot Nato

— Og så ser vi at Nato sin legitimitet i Afghanistan i befolkninga er i ferd med å svikte. Dei vart ynskt velkomen då dei kom, men dei store sivile tapa som fylgje av den strategien Nato har valgt, har vekt stadig sterkare reaksjonar.

Dette har Nato freista å ta inn over seg, men dei makta ikkje å gjere noko særleg med det slik tryggingssituasjonen er. Det er blitt stadig vanskelegare.

Også forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen har nå uttala at prioritet nummer 1 for oss, er tryggleiken til soldatane våre. Det vil i mange situasjonar gå på kostnad av tryggleiken til sivilbefolkninga, seier Harpviken.

«Ekstrem utakt»

Arne Strand ved CMI seier at vurderingane og konklusjonane som Hansen kjem med er «i ekstrem utakt med utsegner frå andre i Nato».

Sjølv er han for tida på Kypros og vakna onsdag opp til meldingar i den britiske militærradioen som varsla om behovet for ein ny britisk strategi i Sør-Afghanistan. Det var omlegging av den militære strategien som har feila, at FN må meir inn og at Karchai-regimet må endrast vesentleg.

— Utsegner også frå kanadisk hald nyleg går ut på at ein i Nato-samanheng heilt har undervurdert Taliban og kva slags organisasjon dette er. Det er ikkje berre ei religiøs rørsle. Ein treng difor ein heilt ny stretegi.

— Det blir nå sagt rett ut at ein har mista trua på at ein kan slå Taliban militært. Samstundes er det nå klart at Taliban får betydeleg våpenstøtte frå Iran. Dette gjev dårlege utsikter, seier Strand.