-  Ukraina manglar finansane til ei storstilt mobilisering. Difor har regjeringa vald denne alternative måten for å auke forsvarsevna, seier Valentin Badrak, direktør ved det forsvarspolitiske forskingsinstituttet CACDS i Kiev. Han seier at Igor Kolomoyskij, som er ein av dei nye og rike guvernørane som er sett inn for å få kontroll med situasjonen aust i landet, har vore open om at han personleg betaler for Dnepr-militsen.

-  Ideen har støtte i regjeringa. Militsane har i alle fall delvis legitimitet etter lovverket, sjølv om parlamentet ikkje har vore fleksible nok til å gje dei full juridisk ryggdekning så langt. Og militsane må følgje dei same reglane for antiterror-operasjonane som dei regulære styrkane, seier Badrak.

-  Kvifor er ikkje styrkane direkte underlagt Forsvarsdepartementet eller hæren?

-  Fordi dei da også må finansierast over statsbudsjettet. Desse midlane er ikkje tilgjengelege nå. Ukraina står overfor ein aggressor, og måtte handle raskt, seier Badrak.