Kl. 11 i dag ga Petro Porosjenko den første pressekonferansen etter at valsigeren i natt.

— Skulle eg forhandle med bandittar, terroristar og drapsmenn? Det kjem aldri til å hende. Aldri, sa Porosjenko. Han lova å få slutt på at væpna menn går fritt rundt, ikkje berre i utbrytarfylka Donetsk og Luhansk, men også i andre delar av landet. Han lova samtidig amnesti til alle dei som ikkje har gjort seg skuldige i grove brotsverk.

Tilbud om amnesti

— Dei kan gje frå seg våpna, og ikkje bli straffa, sa den påtroppande presidenten, som lova å setja seg ned med alle dei som protesterer mot dei nye makthavarane i Kiev.

— Men det gjeld ikkje dei som drep, dei som driv utpressing og mafiaverksemd. Det er ikkje overraskande at desse folka ikkje vil ha dialog. Dei vil ha ein bandittstat, styrt med gevær. Dei vil at alle skal frykte dei. Det kjem eg aldri tillate, sa Porosjenko.

Flyplassen stengt

Han vakna i går til meldinga om at flyplassen i Donetsk var stengt, etter at eit 50-tals væpna og maskerte separatistar stilt seg opp på flyplassen.

Porosjenko la vekt på at mange røysta også i aust, trass i at opprørarane lykkast med å stengje svært mange vallokale.

— Og eg vann valet også der. Folket stemde på meg, og eg skal forsvare dei, sa den nye presidenten.

Få timar seinare melder fleire nyhetsbyrå at ukrainske soldatar er sett inn mot opprørarane på flyplassen i Donetsk.

Vil styrke hæren

På pressekonferansen sa Porosjenko og at den ukrainske hæren må ha dei mest moderne våpna og det beste utstyret når dei skal slåst mot separatistane. Det har vore mange meldingar om at soldatane som er sendt ut i kamp aust i landet er dårleg utstyrt, har problem med å få forsyningar og er demoraliserte.

Porosjenko brukte harde ord om Russland, både for annekteringa av Krim og for at dei støttar opprørarane i aust.

Han lova også at han skal sørgje for at Krim atter blir ein del av Ukraina.

— Russland betaler alt ein høg pris for Krim-eventyret, sa Porosjenko.