Fredag kveld klokka 19 dukka det opp noko heilt anna enn ein hjort i kikkertsiktet til Jarl Oddgeir Solheim.

– Om lag 400 meter frå meg kom bjørnen inn i kikkertsiktet. Eg følgde han til han var 100 meter frå meg. Det var veldig skremmande både for meg og guten, seier Solheim til NRK Sogn og Fjordane.

Han er medlem av eit jaktlag som leiger jaktområde på Sunnarvik i Eikefjord.

Solheim melde frå om observasjonen til politiet. Statens naturoppsyn sende laurdag to mann til Eikefjord for å finne spor av bjørnen. Dei fann verken avtrykk eller hår i området der bjørnen hadde gått.

– Sjølv om vi ikkje fann spor kan vi ikkje garantere at det ikkje har vore bjørn der. Men vi kan heller ikkje stadfeste det motsette, seier Rein Arne Golf frå Statens Naturoppsyn til NRK.

Det er tidlegare ikkje kjent at det er bjørn i Eikefjord, men fjor vart det observert bjørn ulike stader i Sogn og Sunnfjord.

Privat