• Omtalen av fugleinfluensa-viruset gjer folk unødvendig engstelege, seier direktør Geir Stene-Larsen ved Folkehelseinstituttet til BT.

Stær i Kroatia, kalkunar i Tyrkia, masseslakt av fjørfe i Romania og virusfunn i ender i Donau-deltaet. Denne veka vart fugleinfluensa-viruset påvist i nok eit europeisk land — i ein kalkun i Hellas.

Men sjølv om dyreepidemien rykkjer nærmare, er det ingen grunn til panikk, understrekar direktøren ved Folkehelseinstituttet. Han seier at rapportar frå stadig nye land er forventa, etter kvart som dyreepidemien spreier seg.

— Det kan følest skummelt, og ein del blir sikkert urolege. Men dette endrar ikkje smittesituasjonen for oss menneske, for det er ingenting prinsipielt nytt i dette, opplyser Geir Stene-Larsen til BT.

På spørsmål om folks frykt for fugleinfluensa er overdriven, er svaret:

— Folk og media blandar dyreepidemien fugleinfluensa med pandemi, som er smitte mellom menneske. Dette fører til at mange blir unødvendig engstelege. Skal viruset smitte frå fugl til menneske, må det forandre seg radikalt. Det er umogleg å seie om det kjem til å skje.

Sjølv om 120 menneske i Asia er smitta og 60 har døydd av viruset, seier Stene-Larsen at ein vanskeleg kan samanlikne asiatisk og norsk fjørfehald.

— I Asia er burhøns nærmast ein del av familien, og mange har svært tett kontakt med fugl. Her til lands er fjørfehald langt meir profesjonalisert, og få har direkte kontakt med fugl. Det gjer det lettare å handtere eventuell smitte.

Så langt det elles lite som tyder på at vestlendingane har fått panikk. Ein ringerunde til apotek og reisebyrå viser få teikn til resept-rush for fugleinfluensa-vaksine, eller avlyste Hellas-feriar.