• USA har hatt ein «hit and run» filosofi i alle dei landa der dei har gått inn militært dei siste fire tiåra. Bombetokt har sjeldan blitt følgd opp med bygningsarbeidarar.

Dette hevdar den amerikanske økonomiprofessoren William D. Nordhaus i ein rapport der han analyserer dei økonomiske konsekvensane av krigen mot Irak.

Nordhaus nyttar Afghanistan som ferskt døme, og peikar på at USA brukte rundt 93,6 milliardar kroner på å føra krig der. Dei rundt 70 millionar kronene som i ettertid er brukt på humanitær hjelp og gjenoppbygging står ifølgje Nordhaus i grell kontrast.

— Det enorme misforholdet mellom militær øydelegging og sivil gjenoppbygging i Afghanistan og andre stader tilseier ikkje eit ambisiøst gjenoppbyggingsprogram for Irak, slår Nordhaus fast.

Espen Barth Eide ved Norsk utenrikspolitiske institutt meiner Nordhaus har rett i sin «hit and run»-teori.

Døme frå Kosovo

— Både Tyskland og Japan fekk mykje hjelp frå USA, men etter den tid trur eg det er rett at USA ikkje har teke ansvar for gjenreising, seier balkaneksperten. Han brukar krigen i Kosovo som døme.

— Der var den amerikanske haldninga klar: Når USA hadde betalt for bombene, fekk Europa betala for gjenoppbygginga, seier Bart Eide.

Når det gjeld gjenoppbygginga av Irak meiner Eide at mykje tala for at USA må ta eit større ansvar:

— Det har med grunngjevinga for krigen å gjera. I Afghanistan var målet å ta Osama bin Laden og terrorismen. I Irak er prosjektet større. Her er målet å endra regimet, og å setja ein ny dagsorden for heile Midtausten. Dette har lenge vore målet for haukane på høgresida i USA, og det forpliktar, seier Barth Eide. Han trur at krigens gang vil få mykje å seia.

Avheng av det nye regimet

— Dersom USA hadde fått til eit regimeskifte gjennom ein rask og ublodig krig, trur eg dei hadde vore mykje meir innstilt på å delta i gjenoppbygginga. Dersom krigen no vert langvarig og blodig må nok FN ta eit mykje større ansvar, seier Barth Eide. Han peikar dessutan på at mykje vil vera avhengig av kva regime Irak får etter krigen.

— Dersom landet får eit regime som ikkje passar USA vil amerikanarane fort mista interessa, seier Espen Barth Eide.

— Krigens suksess kan berre målast mot dei politiske endringane som måtte koma, seier han. Barth Eide nemner mellom anna shiamuslimske grupper i sør som held seg i ro og berre ventar på at USA skal fjerna Saddam Hussein. Når det målet er nådd er dei klare til å kjempa for ein muslimsk stat etter iransk mønster.

Ulike kostnadsoverslag

Det er store sprik i overslaga over kor mykje ei gjenoppbygging av Irak vil kosta, men dyrt blir det:

FNs utviklingsprogram (UNDP) reknar med at prislappen vil bli mellom 25 og 100 milliardar amerikanske dollar. (180 - 720 milliardar norske kroner). Nordhaus peikar på at prislappen ikkje berre er avhengig av kor øydelagd Iran vert av krigen. Det er like mykje eit spørsmål om kva mål ein set for gjenoppbygginga. Er det snakk om å få landet opp på nivå med Egypt og Iran, eller er det tale om ein Marshal-plan for Irak?

I 1980 var Irak i øvre sjikt blant mellominntektslanda, på linje med andre OPEC land. Krig og sanksjonar har medført at landet før krigen hadde ein levestandard på linje med land i Afrika sør for Sahara. Tal frå UNDP viser at Irak, trass i olje for mat programmet, før krigen låg under land som Zambia og Niger på statistikken.

- Først akutthjelp

Spørsmålet som vil melda seg, er kven som skal betala for å få Irak tilbake på beina.

— No er vi først og fremst opptekne med den akutte humanitære situasjonen. Når det gjeld gjenoppbygging meiner Noreg prinsipielt at FN må tungt inn, seier pressetalsmann i UD, Karsten Klepsvik, til BT.

Professor Nordhaus har lite tru på at andre land vil trø til for å byggja Irak opp att, slik tilfellet var i Kuwait etter Golfkrigen. Han peikar på at krigen ikkje er sanksjonert av FN, og manglar brei internasjonal støtte.

Han har også lite tru på at USA kjem til å ta ansvaret :

— Er det mogeleg at Kongressen vil godkjenna midlar til eit slikt løft, (minst 180 milliardar kroner) når USA årleg totalt berre brukar 108 milliardar kroner til u-hjelp i heile verda? spør Nordhaus. Han svarar sjølv at det mest sannsynlege utfallet er ein ambisiøs gjenoppbyggingsplan som endar med halvgjort arbeid.

Både UNDP og Nordhaus slår fast at Iraks oljeinntekter vil vera lite til hjelp. For det første er Irak gjeldstyngd. Landet har store lån i tidlegare Sovjetrepublikkar. Irak skuldar dessutan krigserstatning etter invasjonen i Kuwait. Dette gjer det vanskeleg å bruka landets oljeinntekter til gjenoppbygging etter USA og Storbritannia sin invasjon. Det er dessutan uvisst kor mykje olje landet kan produsera etter krigen. Dei første år vil dessutan kostnadene ved å få i gang oljeproduksjonen att vera svært høge. I Kuwait var oljeproduksjonen stengd ned i eit år etter irakisk sabotasje, og landet nåde ikkje same produksjonsnivå som før krigen før i 1993, to år etter at krigen var over.