— Eg fryktar det kunne ha gått skikkeleg ille dersom Tore Atle ikkje hadde funne meg. Eg er han evig takksam, seier vepseallergikaren.

Hundrevis av veps

Måndag 14. august om kvelden skulle Kannelønning samla inn ein sau og to lam som hadde gått seg vill på Lønning på Stord. Inne i skogholtet, 100 meter frå traktoren, høyrde han brått den illsinte summinga av hundrevis av veps - ein lyd som kan få det til å gå kaldt nedover ryggen på mange og einkvar.

— Eg hadde tråkka på eit jordvepsebol, og vepsen gjekk amok. Stikka kom umiddelbart. Eg sprang desperat mot traktoren og søkte skjul i førarhytta, men vepsen kom seg inn. Og den stakk igjen. Heile tida. I hovudet, nakken, på overkroppen - den var over alt.

Kannelønning fiska opp mobilen og prøvde å ringa - deriblant til Sørheim, som bur berre eit steinkast unna. Ingen svarte.

— Eg vart uklar, fekk krampe og enorme hjartesmerter. Det er vel det siste eg hugsar, seier han.

- Heile kroppen rista

Tore Atle Sørheim er sjølv sauebonde. Då han køyrde ut eit ærend måndagskvelden, hadde han registrert at Kannelønning var gått for å henta dei tre dyra sine. Difor reagerte han då sauen og dei to lamma framleis stod borte ved gjerdet då han returnerte.

— Det slo meg at noko ikkje stemte. Eg fekk rett. Traktoren fann eg halvvegs uti grøfta like borti vegen. Rutene var fulle av dogg. Inni sat Jan Vidar framoverbøygd over rattet. Heile kroppen hans rista. Han var ikkje i stand til å gjera greie for seg. Eg tenkte på hjerneslag med ein gong. Det var ganske enkelt ubehageleg, innrømmer Sørheim.

Han fekk kontakta både ambulanse og Kannelønning sin sambuar. Vegen var kort til akuttmottaket på Stord sjukehus. Kannelønning låg på overvakinga i ei veke. Då prøvane bar bod om hjarteinfarkt, vart han sendt til Haukeland.

— Heldigvis har eg fått stadfesta at det ikkje er noko gale med hjarta mitt. Det var vepsegifta og den allergiske reaksjonen som slo så kraftig inn på testresultata. Sambuaren min talde i alt 12 vepsestikk, og fleire av broddane sat igjen i kroppen.

I dag er 51-åringen tilbake på arbeid som landmålar ved Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett på Stord.

— Eg er ikkje fullt restituert, og er 50 prosent sjukmeldt ut september månad. Som allergikar er eg utstyrt med adrenalinpennar som skal stikkast i låret dersom vepsen slår til igjen. I tillegg har fastlegen henvist meg til eit vaksinasjonsprogram på Haukeland for å dyrka fram motgift i kroppen.

Det skremmande møtet med vepsen sit likevel i - sjølv etter dryge tre veker.

— Eg er på vakt for alle flygande insekt. Eg ser tilmed ein veps i kvar einaste husfloge.