• Vi handterar både råolje, drivstoff og gass, og det er klart at ulykkespotensialet er stort. Difor er tryggleiken det første vi tenkjer på kvar dag, seier informasjonssjef Kåre Ness ved Statoil Mongstad til Bergens Tidende.

I ein risikoanalysen peikar Fylkesmannen i Hordaland på at «det i fylket vårt er mest nærliggjande å fokusera på dei landbaserte oljeinstallasjonane på Sture, Kollsnes og Mongstad når ein vurderer eksplosjonsfare. Desse verksemdene prioriterer beredskapsarbeid svært høgt, dei har gjennomført eit betydeleg førebyggjande sikringsarbeid, og dei har utarbeidd eit godt planverk dersom ei eventuell ulukke likevel skulle inntreffa. Konsekvensane av større eksplosjonar ved desse anlegga vil likevel vera dramatiske.»

Risikoanalysen konkluderer med at: «Grunna svært gode tryggingsrutinar og låg terrorfare vert det i dag rekna som lite sannsynleg(ei hending pr meir enn 50 år) at dei landbaserte oljeinstallasjonane skal verta råka av ei større eksplosjonsulukke.»

— I Noreg ligg store lager i fjell. Dette minskar risikoen for store eksplosjonsulukker, seier Fylkesmannens berdskapsjef Rune Heradstveit til BT.