Leiaren for folkerettsseksjonen i Noregs Raude Kors, Mads Harlem, er kritisk til det den norske militære leiinga i Afghanistan nå gjer.

— Våre bilar blir respekterte

  • Dersom den norske saniteten i Afghanistan tek i bruk offensive våpen, vil dei bli eit legitimt militært mål. Køyretya misser det vernet som Genferkorset gir. Dermed undergrev dei også det vernet som sjuke og såra har i dag, seier Harlem.

Han er heilt klar på at det vil vere i strid med folkeretten og Genevekonvensjonen å bruke tyngre våpen på bilar merkte med raudt kors.

Kjenner seg ikkje att — Dersom Forsvaret ber om dette, vil vi protestere kraftig. Det vil også setje våre aktivitetar i fare, seier Harlem. Han kjenner seg heller ikkje att i at det raude korset blir brukt som blink av Taliban og opprørarar.

— Vi opererer i Afghanistan, både gjennom den afghanske systerorganisasjonen vår, Raude Halvmåne, og med Den Internasjonale Raude Kors-Komiteen. Dei får tilgang også i Taliban-kontrollerte område, og vår erfaring er at korset blir respektert, seier Harlem.

Han viser til at Raude Kors-bilar blant anna blir brukt for å besøkje fangeleirar som Taliban driv. - Eg stiller meg difor tvilande til om det er dokumentert at Genferkorset blir brukt som blink. Det stemmer ikkje med det vi opplever, seier Harlem.

Folkerettseksperten har forståing for at det kan kjennest utrygt å køyre rundt i Afghanistan med berre relativt lette våpen.

Handlar om pasientane

— Men eg kan ikkje forstå at eit tungt våpen skal gi betre vern enn det raude korset. Dette handlar heller ikkje berre om dei som arbeider i bilane, men også om pasientane dei skal frakte, seier Harlem.