• Det vil alltid vere dei som tener på kriminalitet, katastrofer og krigar. Spør kven som er vinnaren av terrorangrepet på USA! Vinnaren er Russland.

Vytautas Landsbergis, helten frå Litauens frigjeringskamp, meiner å sjå klare teikn på at Russland satsar tungt på å utnytte terrorangrepa mot World Trade Center og Pentagon til eigen fordel.

— Angrepa på New York og Washington passar perfekt. Dersom USA vert svekka, inneber det at Russland vil prøve alt for å gjere seg sterkare. Moskva prøver å utnytte krisa. Dei har alt å vinne, seier Landsbergis i eit intervju med Bergens Tidende.

Psykisk terror

Den snart 69 år gamle musikkprofessoren har ein langt meir beskjeden rolle i litauisk politikk i dag enn under frigjeringskampen frå 1988 til hausten 1991. Som leiar av frigjeringsrørsla Sajudis vart han den første presidenten i Litauen etter frigjeringa frå den sovjetiske okkupasjonsmakta. I dag er han medlem av Seimas, den litauiske nasjonalforsamlinga.

Det er rapportane om dei siste taktiske trekka frå Russlands side etter terroraksjonen, som opptek Landsbergis mest når han tek imot BT i sitt kontor i parlamentsbygningen i Vilnius. Han klarer ikkje å la vere å dra på smilebandet av meldingane om at Moskva har stempla Eduard Tsjevarnadze i nabolandet Georgia som terrorist.

Men bak smilet skjuler seg djupt alvor. Han ser dette som eit av fleire døme på at Russland posisjonerer seg.

— Russarane driv psykisk terror både mot dei baltiske statane og andre naboland som orienterer seg vestover. Presset har auka etter terrorangrepa. Det russiske diplomatiet har intensivert arbeidet for å stikke kjeppar i hjula for våre søknader om medlemskap i NATO og EU. Alt dette skjer medan demokratiske land i vesten konsentrerer seg om kampen mot terrorismen, seier Landsbergis.

Trykket sterkast på Latvia

I det siste har det russiske presset vore sterkast på Latvia, som Landsbergis karakteriserer som svakast av dei tre baltiske statane.

I Latvia finst ein stor russisk minoritet. Russiske styremakter har samanlikna behandlinga dei latviske russarane får, med situasjonen for albanarane i Makedonia.

Dei litauiske politikarane føler trykket frå Moskva over Kaliningrad-spørsmålet. Kaliningrad er eit russisk området mot Østersjøen utan grenser mot Russland. Området, som i nord grensar mot Litauen, er mellom dei mest lukka i dagens Russland.

— Viss Kaliningrad er eit problem, er det i alle fall ikkje Litauen som har skapt det. Men vi konstaterer at russarane nektar Kaliningrad meir samkvem med sine naboar. Det er heller ikkje tvil om at det russiske diplomatiet arbeider for å plassere ansvaret for framtidige problem i Kaliningrad-området hos Litauen, seier Landsbergis.

Eit kjempeproblem

I det russiske Østerjø-området ligg store militære installasjonar og anlegg, ikkje minst Østersjøflåten til russarane. Så seint som i fjor skreiv ei amerikansk avis at russarane hadde plassert ut atomvåpen i Kaliningrad-området, men opplysningane vart aldri verifiserte.

Alle dei baltiske landa har søkt om medlemskap både i NATO og EU. Polen er alt NATO-medlem, og vil også inn i EU. Den dagen landa rundt Østersjøen får innfridd sine medlemskapssøknader, vil Kaliningrad ligge att som ei russisk øy i vesten.

— Vårt ønskje om medlemskap i NATO og EU er eit kjempeproblem for Russland, slår Landsbergis fast.

Varsla økonomisk katastrofe

Den aldrande fridomskjemparen finn det også svært pussig at Moskva-avisa Pravda alt i sommar kunne bringe vidare opplysningar om eit føreståande kjempekrakk i amerikansk økonomi. Avisartikkelen var basert på ei høyring i ein avdeling av Dumaen.

Høyringa fokuserte på kva tiltak Russland skulle gjere for å redusere konsekvensane av eit krakk. Det vart hevda at eit verdsøkonomisk kollaps ville inntreffe rundt 19. august i år, på bakgrunn av eit «angrep med religiøst aspekt» på USA. Rådet til russarane var dei burde kvitte seg med dollarane sine, og heller veksle dei inn i russiske rublar. Rubelen ville også kunne oppnå ein posisjon som ein viktig valuta i verdshandelen.

Artikkelen har ført til ein konspirasjonsteori som går ut på at Russland kan ha kjent til at eitt eller anna var i gjerde. For å underbyggje teorien vert det påpeika at USA no leitar etter dei ansvarlege i land som Iran, Irak, Libya og Syria, land som russisk etterretning tradisjonelt har nære band til.