Han får også møte Venstre og SV på Stortinget. Meir usikkert er det om regjeringspartnarane til SV, Senterpartiet og Ap vil ta imot Atef Adwan som dei siste dagane har vore i Sverige.

Adwan reiser på eit såkalla Schengen-visum, utferda av svenske styresmakter. Det inneber at han har tilgang til alle landa i Schengen-området.

Dermed slepp norske styresmakter å ta stilling til visumspørsmålet for denne Hamas-representanten. Utlendingsdirektoratet behandlar for tida visumsøknadar frå to palestinske parlamantarikarar som representerer Hamas.

Det er Den Palestinske Forening i Noreg som har invitert Adwan, opplyser leiaren i foreininga, Nidal Hamad, til BT.

— Skape dialog

— Føremålet med å invitere han til Noreg er å medverke til å skape dialog. Det motsette, isolasjon og utestenging av representantar for den nye palestinske regjeringa, kan verke til å skape borgarkrig i dei palestinske områda, seier Hamad.

Han opplyser at foreininga tek sikte på å arrangere eit seminar, der Adwan vil tale, måndag ettermiddag.

Midtausten-ekspert, førsteamanuensis Hilde Henriksen Waage, ved Universitetet i Oslo er sterkt kritisk til kursen norske styresmakter, med utanriksminister Jonas Gahr Støre, i spissen fører:

- Norsk dobbeltmoral

— Politikk og logikk går ikkje saman her: Noreg er mest oppteken av å ivareta eigeninterssene sine og å tekkast USA og Israel. Ein nyttar den same retorikken. Det blir interessant å sjå kva Noreg gjer når pengane som skulle overførast til palestinarane forfell til betaling nå i mai.

— Støre vil ikkje møte folkevalde frå Hamas. Men han er viljug til å møte den nye israelske tryggingsministeren, Avi Dichter. Dette er arkitekten bak likvideringa av Hamas-leiarar, bygging av den folkerettsstridige muren på palestinsk område, og som nyleg har teke til orde for å likvidere den nyvalde palestinske statsministeren.

— Dette er dobbeltmoral av verste sort. Og så lurar ein på kvifor ein møter aggressive reaksjonar og brenning av norske flagg? Noreg har brukt to milliardar kroner på å bygge opp sjølvstyrestyresmakter i dei palestinske områda. Samstundes er ein uroa av korrupsjonen. Men dei som har stått ansvarlege for korrupsjonen er nettopp dei som er kasta ut av regjeringskontora. I staden for å la pengane gå til den nye administrasjonen som nettopp er valt i reaksjon mot korrupsjonen, vil ein nå la pengane gå via presidenten som er ein eksponent for korrupsjonen. Dette er bankvendtland og heilt øydeleggande, seier Waage.

Presstalskvinne Anne Lene Dale Sandsten i UD seier til BT at Adwan vil få møte representantar for UD dersom han kjem, men ikkje den politiske leiinga. Sandsten avviser at det er snakk om dobbeltmoral når Støre møter den omstridde israelske statsråden, men ikkje ein palestinsk statsråd.

Politisk sprik

Venstre-leiar Lars Sponheim seier at Venstre er for kontakt og dialog og at den beste måten å kunne påverke utviklinga i ein ynskt retning, er å møte folk i open samtale.

Stortingsrepresentant Ågot Valle som er SV sin representant i Utanrikskomiteen, seier at også SV vil møte statsråden dersom statsråden ynskjer det.

Olav Akselsen (Ap) som leier Utanrikskomiteen seier at statsråden er på eit litt anna nivå, enn dei parlamentarikarane regjeringspartia tidlegare har sagt ja til å møte. Han meiner difor at dette er eit besøk som må handterast av UD og Regjeringa, på det nivå dei finn rett.

Stoirtingsrepresentant Rune Skjælaaen seier at Sp vil drøfte spørsmålet med regjeringspartnarane. Sjølv har han stor tru på dialog.

— Det er heilt greit at denne statsråden kjem til Noreg, sidan han reiser på Schengen-visum, og at han får møte embetsmenn i UD. Men vi vil ikkje møte han eller andre representantar for Hamas, seier KrF sin parlamentariske leiar, Jon Lilletun.

Frp sin utanrikspolitiske talsmann, Morgen Høglund, seier at han ikkje har merknadar til at Adwan kjem til Noreg sidan han har Schengen-visum. Frp vil ikkje møte han.