• Det er nærliggjande å tru at ETA står bak bombene i Madrid.

HLDE KRISTIN STRAND

Det seier Jan Oskar Engene, ekspert på terrorisme i Vest-Europa og førsteamanuensis i samanliknande politikk ved Universitet i Bergen.

— Ein veit at fleire planlagde åtak frå ETA har vorte stoppa den siste tida, seier Egene, og legg til at det spanske innanriksministeriet skuldar på ETA.

Engene fortel at organisasjonen er kjend for målretta aksjonar. Dei drep lokalpolitikarar frå andre parti, har aksjonar mot turistar og har hatt nokre svært blodige angrep der mange menneskeliv har gått tapt. ETA nyttar både handvåpen, kidnapping og bomber i åtaka sine.

— Dei plar melda frå om aksjonane mot turistar, men tek ikkje alltid på seg skulda for andre aksjonar dei står bak. Eg kan ikkje i farten minnast om dei har hatt tidlegare aksjonar som har vore så koordinerte som dette. Men at fleire bomber går av samstundes tyder at aksjonen var vel planlagt og utført.

Det er val i Spania om tre dagar. Ei av sakene i valkampen er om Baskerland og Katalonia skal få større sjølvstende. Engene fortel at det ikkje er uvanleg at slike aksjonar kjem i samband med val.

— Høgresida i Spania har kjørt ei steinhard linje mot ETA. Det baskiske partiet Batasuna, som støttar ETA, har vorte gjort ulovleg, seier Jan Oskar Engene.