• I tillegg til å bombe mål i Libanon, gjekk Israel i går inn med fly, stridsvogner og bakkestyrkar i nordlege Gaza. Kva skjer?

Namn: Hilde Henriksen Waage

Stilling: Seniorforskar, Institutt for fredsforsking (Prio)

Sak: Krig i Midtausten

— Det heilt klart at Israel no brukar dette høvet til kvitte seg med sine to hovudfiendar på ein gong, Hamas og Hizbollah. For Israel er det to sider av same sak. Å ta det endelege oppgjer med det Israel meiner er ein terroristinfrastruktur, ved å knuse palestinaranes sjølvstyresmakter og få slutt på Hizbollahs evne til rakettskyting frå sør-Libanon.

I tillegg klarer dei å ta eit oppgjer med dei som er Israels aller verste fiendar, Syria og Iran.

- Korleis? - I Midtausten kan ein ha dei underlegaste sengekameratar. Hamas er sunnimuslimsk medan Hizbollah er shiamuslimsk. Det svake regimet i Syria er alavitter, som blir rekna som nær vantru av begge to. I tillegg støttar det shiamuslimske Iran både Hizbollah og Hamas. Syria og Iran er Israels fiendar, og ved å slost mot Hamas og Hizbollah kan Israel både sende ein klar beskjed og indirekte slost mot Syria og Iran.

I tillegg veit vi ikkje kva planar som finst for ei regional utviding av konflikten. Israels militære har planar om å bombe dei iranske anrikingsanlegga. For viss Iran får utvikle atomvåpen blir dei Israels verste fiende i Midtausten.

Denne krigen er berre ulogisk viss trur at nokon av partane ønskjer fred. Dette handlar ikkje om fred, men om å sikre eigeninteresser og land. Grunnen til at Israel held fram i Gasa er at dei då kan trekkje grensene sine sjølv, og fjerne dei palestinske sjølvstyremaktene.

-Kva meiner du med å trekkje grensene sine sjølve? - Viss ein set seg til eit forhandlingsbord må betyr det at ein er villig til gje bort land. Viss ein (Israel red.mrk.) ikkje ønskjer å gje bort noko men å sikre det ein har, er poenget å aldri kome til dette forhandlingsbordet.

- Men begge frontane vart opna etter kidnapping av israelske soldatar. Kunne Israel ha reagert på nokon annan måte? - Viss Israel hadde vore oppteken av liva til desse soldatane hadde det vore mykje mindre risikofylt å føre forhandlingar for få dei frigjevne

- Har Hizbollah stor støtte i dei palestinske områda? - Ja. Blant palestinarane er Hizbollah eit av førebileta. For Hizbollahs geriljakrig mot Israel gjorde at den store militærmakta Israel måtte trekkje seg ut av Libanon i 2000. Og det var Hizbollah som først byrja med sjølvmordsbombarar, og som først kidnappa folk og leverte levningar tilbake mot å få tilbake ei rekkje fengsla eigne soldatar. Så for mange palestinarar er Hizbollah heltar.

- Er der ein samanheng mellom bortføringa av ein soldat i Gaza og dei to i Libanon? Var det koordinert? - Det kan kanskje virke slik, men historisk sett er den arabiske sida håplaust fragmentert. Det vil i så fall vere første gong Hamas og Hizbollah har klart å koordinere sine planar.

- Er det noko problem for Israel å føre ein tofrontskrig? - Nei, ikkje i heile tatt. Militærekspertar reknar med at Israel er så sterkt at dei kunne ført krig mot alle arabiske land på ein gong. Og vunne. Hamas og Hizbollah er ikkje noko militært trugsmål, men dei kan gjere det plagsomt.