• Avtalen som opnar for å yte støtte frå ISAF- styrken til Enduring Freedom i Afghanistan og omvendt, er inngått mellom dei to partane. Vi har ikkje fullmakt til å offentleggjere avtalen.

Dette seier statssekretær Espen Barth Eide i Forsvarsdepartementet til Bergens Tidende. Eide opplyser samstundes at Enduring Freedom ikkje kan planlegge operasjonar der støtte frå ISAF inngår i planane.

Bergens Tidende fortalde i førre veke at avtalen som opnar for at den Nato-leidde ISAF-styrken i Afghanistan skal kunne yte flystøtte til den amerikanskleidde operasjonen Enduring Freedom (OEF), er gradert — hemmeleg.

Norsk bombeflystøtte

Avtalen inneber at dei 3-4 norske kampflya som snart blir sende til Afghanistan, i visse tilfelle kan bli sett inn til støtte for OEF.

Det opplyste forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen i orienteringa ho heldt for Stortinget onsdag i førre veke. Det var denne saka som resulterte i reaksjonane internt i SV der fleire stortingspolitikarar meir eller mindre demonstrerte mot eiga regjering. SV-representanten Hallgeir Langeland tok til orde for at avtalen måtte offentleggjerast.

Under debatten i Stortinget tysdag la SV sin forsvarspolitiske talsmann, Bjørn Jacobsen, til grunn at den omstridde avtalen ikkje bryt med innhaldet i Soria Moria-erklæringa. Han gjekk inn for å gje innsyn i avtalen.

- Ikkje konflikt

— Eg kan forsikre at avtalen ikkje er i konflikt med Soria Moria-erklæringa, seier Espen Barth Eide til Bergens Tidende. - Vi kan ikkje offentleggjere sjølve avtalen. Det er ikkje vanleg å gå ut med detaljerte opplysningar om kommandoforhold. Men vi har gått ope ut og fortalt om innhaldet i avtalen av di vi vil ha ei mest mogeleg open line. Avtalen opnar for at ISAF unntaksvis kan yte støtte til OEF og omvendt i krisesituasjonar. Avtalen opnar ikkje for at slik støtte frå ISAF kan inngå i OEF sine operative planar. OEF kan ikkje planlegge med ISAF-støtte, seier statssekretæren.

Eide opplyser at avtalen som vart inngått i 2003 og som ikkje tidlegare er omtala frå norsk regjeringshald, ikkje omhandlar flystøtte spesielt, men gjeld alle typar av relevant støtte i krisesituasjonar. Det kan omfatte alt frå medisinsk assistanse til snøggaksjonar frå luft eller på bakken for å hente ut personell i krisesituasjonar.

- Uansvarleg utan avtale

Eide legg til at det er heilt vanleg at denne typen avtalar eksisterer når fleire aktørar opptrer i internasjonale operasjonar.

— Det ville vere direkte uansvarleg om ein ikkje hadde slike avtalar for mellom anna å sikre seg mot at aktørar som opptrer på same side skyt på kvarandre. Vi kunne ikkje ha sendt norsk personell til slike operasjonar utan ein slik avtale, seier han.

Eide opplyser at han i går kom tilbake etter møte i FN der han møtte mellom andre visegeneralsekretær Jan Egeland.

— Egeland presiserte at det humanitære arbeidet FN driv i Afghanistan er heilt avhengig av at ISAF er til stades og kan utføre oppgåvene med å trygge FN-personellet. FN ønskjer difor at ISAF kan utvide operasjonsområdet sitt i Afghanistan for at FN sine hjelpetiltak kan utvidast og nå fleire, seier Eide.