Den 58 år gamle kvinna sit fengsla på sjette året, etter i årevis å ha kjempa for rettane til den tyrkisktalande minoriteten uighurane, i den vestlege kinesiske provinsen Xinjiang.

I september i fjor bestemte Raftostiftelsen at ho skulle få Raftoprisen for arbeidet sitt. Men sjølv fekk ho ikkje vite noko om at ho var tildelt den stadig meir prestisjetunge prisen.

— Vi følte ikkje at det var trygt å fortelje henne det, på grunn av dei kinesiske fangevaktarane som alltid var til stades når ho fekk besøk, fortel sonen Mustafa Rouzi på telefonen frå USA.

Nye fangevaktarar

Han bur der i eksil saman med faren og fleire andre søsken.

Først ved det siste besøket i januar tok Mustafas bror Ablikim Abduriyim, som framleis bur i Kina, sjansen på å informere mora.

— Fangevaktarane var denne gongen uighurar. Difor tok han sjansen, seier Mustafa Rouzi.

— Ho vart så glad at ho gret. Prisen gir henne nytt håp og mot. Det hjelp henne å vite at heile verda kjenner til korleis ho har det; at så mange tenkjer på henne og prøver å gjere noko, seier Rouzi.

Innlagt på sjukehus

Samvitsfangen Kadeer får lov til å ta imot eit kort besøk frå familien ein gong i månaden.

— Ho bad om å få sjå ein kopi av Rafto-diplomet ved neste besøk. Det skal vi prøve å få til, seier Rouzi.

Ifølgje sonen delar mora celle med fem andre fangar i fengselet. Akkurat no er ho overført til eit fengselssjukehus, og resten av familien er uroa over helsetilstanden hennar.

— Ho har hjarteproblem, og vi er redde for korleis det går med henne - at ho ikkje får den behandlinga ho treng, seier sonen.

Auka press mot Kina

Også styreleiar Arne L. Lynngård i Raftostiftelsen er glad for at Rebiya Kadeer endeleg har fått meldinga om prisen.

— Det same gjeld for alle dei andre politiske fangane i Xinjiang. Etter 11. september 2001 veit vi at 3000-4000 uighurar er arrestert. Mange av desse er politiske fangar. Det er viktig for alle desse at utdelinga blir kjent innanfor murane, seier Lynngård.

Både han og Rebiya Kadeers familie har eit sterkt håp om at prisen også kan føre til ei raskare lauslating av samvitsfangen.

— Vi veit at presset på Kina har auka etter prisutdelinga i Washington DC i januar. Vi trur styresmaktene der fryktar at Kadeer-saka skal bli eit tema når FNs menneskerettskommisjon møtest i mars i Genève. Håpet er at ho kan bli sett fri i løpet av første halvår, seier Lynngård.

Forhandlingar

Statssekretær Randall Schriver i det amerikanske utanriksdepartementet var med på prisutdelinga i Kongressbygningen i Washington DC, og gjorde like etter ei reise til Kina.

— Der forhandla han om lauslating av Kadeer med kinesiske styresmakter. Vi håpar det kan ha ein effekt, seier Lynngård.

Kadeers son Mustafa var i går nøktern med tanke på ei snarleg lauslating.

— Kina har nettopp lagt fram ei liste med 56 namn på fangar som skal sleppast fri. Mor var ikkje med på lista. Men det er eit stort press på Kina nå. Vi håpar og trur det vil hjelpe, seier Rouzi.