Eit avgjerande ledd i den nordirske fredsprosessen er avvæpning av paramilitære grupper. Så langt har ikkje den såkalla Langfredagsavtalen av 1998 gitt vesentlege resultat på det området.

– Det er eit problem å få bukt med den paramilitære livsstilen. Paramilitære styrker har hatt ein enorm status i enkelte samfunn. Dei har hatt fordelar og økonomiske interesser knytt til slik verksemd. For å få avvæpna desse gruppene må vi kombinere overtaling og press som middel. Slik vil dei over tid miste støtta. Men eg er redd det vil ta lang tid, seier fredsprisvinnar og unionist David Trimble til Bergens Tidende.

Mafia ønskjer ikkje fred Den andre fredsprisvinnaren, katolikken John Hume, har tru på at IRA vil levere frå seg våpna som dei har lova, men peikar på andre grupper han meiner ikkje lenger er ein del av den nordirske konflikta – men som framleis er ein trussel mot fredsprosessen.

– Det er enkelte paramilitære lojalistgrupper der det er eit stort behov for avvæpning. Desse fortset fordi dei rett og slett er blitt forvandla til mafia, som driv med narkotikahandel. Dei ønskjer ikkje lov og orden tilbake til gatene, seier Hume.

Den andre store utfordringa er å få det nye systemet og dei nye institusjonane til å fungere. Langfredagsavtala krev ei breitt samansett regjering. Det betyr at gamle, bitre fiendar må styre saman.

– Ei konflikt som har vart i fleire hundre år kan ikkje kurerast over natta. Det som skal til for å bryte vekk mistilliten er å slutte seg til eit sosialt og økonomisk samarbeid. Då kan vi få eit nytt samfunn uten fordommar, seier Hume.

– Vi er i ein situasjon der enkelte held i live Nord-Irland som offer og prøver å utnytte dette politisk. Vi må prøve å endre tankegangen til desse gruppene, og sette historia inn i rett samanhengen, slik at vi ikkje opprettheld motstanden mot fred, seier Trimble.

Fryktar splitta parti Han har store problem med radikale krefter i sitt eige parti. Oppslutnaden om hans linje har til tider vore svært låg. Frykta for ei oppsplitting gjer at han må trå varsamt.

– Dei fleste partileiarar ville vere bekymra dersom dei berre får støtte av halve partiet. Vi opererer under veldig knappe marginar. Det er enno mange praktiske problem, som uroa nord i Belfast. Dette får negativ effekt på prosessen. Det hadde vore sunnare om opinionen var positiv til avtala, som jo er eit kompromiss, seier Trimble.

Starta samarbeid med Irland Ein del av Langfredagsavtala gjekk også ut på å auke samarbeidet mellom Irland og Nord-Irland.

– Samarbeidet er blitt formalisert, og systema for samhandling er utforma. Det gjeld å få til dette uten å skape kontroversar, for opprinneleg var dette svært omstridd. Til no har vi til dømes blitt einige om å samarbeide om rørleidningar for gass. Det er også samarbeid om vegbygging og turisme, seier Trimble.

Den største barriera ser likevel ut til å vere hatet. Etter 30 valdelege år, stikk dette enno djupt hjå mange.

– Berre gater skil ulike grupperingar, og naboar har gjort stygge ting mot kvarandre. Alle veit kven som har gjort kva mot kven. Det tek tid før desse såra gror. Difor er den følelsesmessige utviklinga variert. Men eg trur at totalt sett er den positiv, seier Trimble.

FREDSPRISVINNARAR: John Hume og David Trimble, ein katolikk og ein unionist fekk Nobels fredspris for innsatsen for å skape fred i Nord-Irland.
KNUT STRAND