EKSPERTEN: Einar Wigen, Tyrkia-forskar og stipendiat ved Institutt for kulturstudier og orientalske språk, UiO.

Det var tilløp til demonstrasjonar då omfanget av gruvekatastrofen vart kjent. Kor store trur du protestane kan bli? -

I Tyrkia går det raskt politikk i det meste. Men så langt har ulykka ikkje vorte politisert i særleg grad. Eg tviler på at katastrofen vil utløyse protestar som får eit verkeleg stort omfang, av den typen vi såg i fjor sommar - så sant det ikkje viser seg at statsminister Recep Tayyip Erdogan personleg eller familien hans har vore involvert, f.eks. på eigarsida.

Kvifor ikkje?

Under dei store demonstrasjonane i fjor oppsto ein del overraskande alliansar, der studentar og andre kritikarar av statsminister Erdogans styre stod saman med folk som tradisjonelt ikkje er blant dei som protesterer. Vi vil heilt sikkert sjå sterk kritikk av regjeringa også nå. Problemet til opposisjonen er at dei alltid prøver å demonstrere på vegner av folk som er ramma av regjeringas politikk - utan at dei sjølve nødvendigvis har band til gruppene dei protesterer for.

Kor sterk er fagrørsla i Tyrkia?

Samanlikna med Vest-Europa er ho generelt svak. Ho er også fragmentert, og til dels temmeleg radikal. Det siste gjer det vanskelegare å rekruttere breitt, og å påverke.

Trur du gruvearbeidarane kan kome til å demonstrere eller streike i stor skala?

Det tviler eg på. Dei tener svært dårleg, men er avhengige av å få lønna si. Gruvene ligg dessutan avsides til, så å organisere protestar i byane blir fort vanskeleg.

Kor sterkt står regjeringa nå? Erdogan har vore sterkt pressa, med skandalar både om korrupsjon og avlytting?

Han har stått av den eine krisa etter den andre. Skandalane bit ikkje på støttespelarane hans. Det vart f.eks. avslørt at sonen hans hadde hatt millionar av euro i kontantar liggjande heime, utan at det ser ut til å påverke veljarane. Folk vurderer kritikken mot regjeringa ut frå sin eigen politiske ståstad. Dei som er imot Erdogan vil mislike han enda litt meir etter dette, medan tilhengarane vil meine at ulykka ikkje er noko statsministeren kan lastast for.

Korleis står han i sitt eige parti, AKP?

Der er disiplinen sterk. Arbeidsfolk, som dei som nå er ramma, tilhøyrer dei tradisjonelle veljargruppene til AKP. Kritikarane vil bli avfeia som elitistar utan kontakt med grasrota.

Statistikken viser at gruvearbeid i Tyrkia er eit svært farleg yrke?

Mykje av det regjeringa har gjort har hatt veldig negative konsekvensar, både for miljø og arbeidarar. Men Erdogan har levert høgare levestandard, gjennom økonomisk vekst og auka forbruk. Arbeidsforholda kan til dels vere horrible. Men Tyrkia satsar på økonomisk aktivitet framfor å verne om enkeltmenneske. Framsteget kjem først.