— Krigen Israel fører i Gaza kan ikkje føre til anna enn blodbad, slik vi også har sett dei siste dagane. Det er sivilbefolkninga og det sivile samfunnet som i første rekke blir råka. All militærfagleg ekspertise har fastslege at slik vil det vere når ein driv krigføring i tettfolka område, seier Skjælaaen.

— Det er sivilbefolkninga som først og fremst blir drepen og lemlesta. Å støtte Israel si krigføring slik den blir dreven, er etisk forkasteleg.

- Kynisk politisk spel Skjælaaen reagerer sterkt mot arrangementet som organisasjonen Med Israel for fred og andre pro-israelske organisasjonar skal halde i Oslo i dag til støtte for Israel. Tilliks med partifellen, biskop Gunnar Stålsett, meiner han arrangementet framstår som ei direkte støtte til Israels krigføring.

— Når Frp-formann Siv Jensen skal hal-de appell under dette arrangementet og gjev støtte til Israels krigføring, meiner eg ho driv eit kynisk politisk spel for å tekkast «Israels vener». Eg har merka meg at ho har uttrykt støtte til den israelske bombinga.

— Kva trur du ho vil oppnå?

— Føremålet er nok å vinne tilslutnad frå KrF sine Israel-tru veljarar. Men eg er overraska over at Siv Jensen ikkje ser konsekvensane av ei slik handling. Frp er eit stort opposisjonsparti og bør ha eit langt meir nyansert syn på ein så komplisert konflikt.

Rosar Høybråten - Trur du ho vinn veljarar på denne måten?

— Ho vil sikkert vinne nokre veljarar men samstundes trur eg ho vil tape mange veljarar.

Samstundes vil eg seie at KrF-leiar Dagfinn Høybråten sitt standpunkt om ikkje å stille opp i denne støtteaksjonen for Israel, er rosverdig og klok. Det står respekt av Høybråten for dette, seier Skjælaaen.

— Det norske standpunktet er at Israel må trekke seg tilbake til grensene før krigen i 1967 då landet okkuperte palestinsk land. Dette standpunktet må bli endå tydelegare frå den norske regjeringa si side. Utan at Israel trekker seg tilbake, vil ein aldri få ei varig og stabil fredsløysing for Israel og grannelanda. Dette er også i tråd med klare vedtak i FN.

— Israel har i årevis neglisjert dei klare FN-vedtaka om å oppgje okkupert land og avvikle dei ulovlege busettingane. Landet har tvert om stadig utvida desse busettingane. Det har verka til å trappe opp konflikten, seier Skjælaaen.

Deltek, men distanserer seg

Høybråten stiller ikkje opp i støttearrangementet for Israel i dag. Det gjer derimot Ingebrigt Sørfonn som er parlamentarisk nestleiar i KrF og leiar for Israels Vener på Stortinget.

Initiativtakarane bak dette arrangementet uttala i går til avisa Vårt Land at sik-temålet er å uttrykke støtte til invasjonen og krigføringa til Israel.

Sørfonn distanserer seg frå utsegnene og siktemålet med markeringa.

— Vi i KrF har ein heilt annan måte å uttrykk oss på. Vi vil ha stans i alle krigshandlingar. Eg har aldri uttrykt støtte til krigshandlingane. KrF er ikkje medarrangør men er invitert til å halde ein appell og gje uttrykk for vårt syn som kan samanfattast som at alle gode krefter må arbeide saman for fred og forsoning, seier Sørfonn.

Bjørg Tørresdal er den einaste av KrF sine representantar som ikkje er medlem av Israels Vener på Stortinget.

- Israel- og Palestina-ven

— Eg er Israel-ven. Eg er Palestina-ven. Men først og fremst er eg fredsven, seier Tørresdal.

— Eg er ikkje på kollisjonskurs med eige parti, men skal ein oppnå fred i Midt-Austen må ein få til dialog. Å støtte ei side, skaper ikkje fred. Eg tek avstand frå alle krigshandlingar i Midt-Austen, seier Tørresdal.

— For å få fred i Midt-Austen må det in-ternasjonale samfunnet, med støtte av Noreg og FN, få til dialog mellom partane som også omfattar Syria og Iran. Og ein må bli samde om grenser som har legitimitet.

— Dernest må det internasjonale samfunnet bidra med naudhjelp. Og så må ein slutte med støttemarkeringar som i seg sjølv skaper uro. Det er ikkje konstruktivt, seier Tørresdal.

Bjelland, H?vard