• Kampen mot terror blir ført berre når det passar amerikanarane, meiner den palestinske forskaren Basem Ezbidi. Han åtvarer verdssamfunnet mot å halde seg med «doble standardar».

— Det palestinske folket opplever at den nye kampen mot terror er veldig selektiv. Dei ser at USA er i stand til å mobilisere til det som blir kalla «krig mot terrorisme». Samtidig har dei sjølve opplevd terror gjennom 30 år, utan at nokon har gripe inn. Dei spør seg: Er ein del terror heilt OK, medan annan terror er dårleg og må stoppast? Dette opptek den jamne palestinar, seier Basem Ezbidi, professor ved An-Najah-universitetet i Nablus på Vestbreidda.

Kva med Sabra og Chatila?

I den arabiske verda har dei ei lang liste med terrorhandlingar der dei gjerne hadde sett at USA hadde vist litt av det same engasjementet som blir lagt for dagen no:

  • Massakren i flyktningeleirane Sabra og Chatila i Beirut i 1980, der 1800 vart drepne av Israel-støtta milits. Ein israelsk domstol har slått fast at den indirekte ansvarlege for massakren var Ariel Sharon, mannen som i dag er statsminister i Israel.
  • Den israelske invasjonen i Libanon i 1982, der 17.500 menneske omkom ý dei fleste sivile.
  • Nedslaktinga av anslagsvis 20.000 menneske i den syriske byen Hama, der bror til eks-presidenten, Rifaat Al-Assad, slo ned eit opprør blant muslimske fundamentalistar i 1982. - Må prøve å forstå

Saman med fire andre forskarar var Basem Ezbidi denne veka ved Chr. Michelsens Institutt (CMI) i samband med eit bokprosjekt om korrupsjon i dei palestinske sjølvstyreområda.

Dei palestinske akademikarane åtvarer mot å banalisere reaksjonane på terroren, med fjernsynsbilete av jublande palestinarar som tilsynelatande feirar terroråtaka.

— Palestinarane blir framstilte som irrasjonelle og primitive. Det er trist. De må prøve å forstå reaksjonane, at dei kjem etter 30 år med overgrep og okkupasjon der ingen har gripe inn og ordna opp, sier Muhammad Nasr ved Muwatin-instituttet for demokratistudiar i Palestina.

Han er ikkje i tvil om at den uløyste konflikten i dag sender ungdom både i Israel og Palestina rett i armane på ekstremistar på båe sider.

- Kan smelle rett i andletet

Både han og Nezbidi håpar det internasjonale samfunnet no vil gjere ein kraftinnsats for å skape varig fred i Midt-Austen.

— Elles kjem det igjen til å smelle rett i andletet på dei. Terror-åtaket 11. september var tragisk, men kanskje kan det ha opna augene i Vesten for at konfliktene i Midt-Austen må løysast. Elles kjem situasjonen heilt ut av kontroll, seier Nasr.

Dei etterlyser nyansane i debatten, og fryktar retorikken som blant andre president George W. Bush nyttar. Bush stilte sjølv spørsmålet om kvifor terrorangrepa ramma i ein tale denne veka: «Og svaret mitt er; det finst vondskap i verda. Men vi kan vinne over vondskapen. Vi er gode. Vi er godhjarta menneske», sa Bush.

— Alle er samde om at terror er ille. Men kampen må rettast mot all terror, ikkje berre den som rammar USA og Vesten, seier Basem Ezbidi.

Fryktar eksempelets makt

Forskarane peikar også på faren for at dei voldsomme verkemidla som USA no har tatt i bruk, kan inspirere andre land som slit med valdelege opprørarar. Resultatet kan bli mindre stabilitet.

— Ta India, for eksempel: Der blir 4000-5000 sivile drepne kvart einaste år av ulike geriljagrupper og frigjeringsrørsler. India oppfattar desse som terroristar. Kva om India no tek i bruk bomber i stor stil? spør Mushtaq Khan, forskar ved School of Oriental and African Studies i London. Han minner om den aukande spenninga mellom India og Pakistan i Kashmir.

— Eller ta Tyrkia. Kan dei no kjenne seg enda friare til å gå laus på dei kurdiske opprørarane med våpenmakt, spør Khan.