Både Stortinget sitt kontrollutval for dei hemmelege tenestene, EOS-utvalet, og Stortinget sjølv fastslo i 2004 at det var uakseptabelt at amerikanarane dreiv etterretningsverksemd og liknande i Noreg.

Dette kom til uttrykk både i årsmeldinga frå EOS-utvalet for 2003 og i den samrøystes innstillinga frå kontrollkomiteen på Stortinget.

— Overvåkingen stoppet

«Uakseptabelt»

EOS-utvalet fastslo at «framand etterretningsverksemd med vidare, skal vere undergjeve nasjonal kontroll, også når det gjeld allierte land».Kontrollkomiteen på Stortinget slutta seg heilt og fullt til dette då komiteen behandla saka våren 2004.

Arnstein Øverkil, som var konstituert overvakingssjef 2003-2004, stadfester overfor Bergens Tidende at han hugsar saka.

Han opplyser vidare at PST tok saka opp med den amerikanske ambassaden.

— Vi gjorde det heilt klart at det var uakseptabelt at amerikanarane dreiv etterretningsverksemd og liknande på norsk jord. Vi gjorde det også klart at framande statar i Noreg må forhalde seg til norsk lov, seier Øverkil.

Amerikansk verving

Bakgrunnen var den såkalla Risør-saka. Norske kontrollorgan meinte å kunne fastslå at amerikanarane hadde verva ein tidlegare irakisk offiser, som var busett i Risør, til krigsinnsats i Irak. Mannen hadde politisk asyl i Noreg. Amerikanarane invaderte Irak våren 2003.

Mannen vart skadd i krigen og vart send heim til Noreg av amerikansk personell.

I pressa vart det hevda at PST (Poilitets tryggingsteneste) på førehand hadde vore kjend med at mannen ville delta i krigen på amerikansk side, og at han hadde oppdrag frå PST.

Dørum nekta

Våren 2003 nekta justisminister Odd Einar Dørum (V) å gje opplysningar til Stortinget om saka då kontrollkomiteen stilte spørsmål. Dørum grunngav det med forholdet til samarbeidande tenester i andre land. Han ba om forståing for at han ikkje kunne stadfeste eller avkrefte at PST samarbeidde med amerikanarane.

EOS-utvalet fastslo at PST hadde freista å nedtone kontakten PST hadde med irakaren, i større grad enn det dokumenta gav dekning for.

Dørum seier i dag til Bergens Tidende at han berre har eit veikt minne av saka.

Ågot Valle, som var leiar av kontrollkomiteen på Stortinget 2001-2005, hugsar for sin del denne saka. Ho reiste sjølv saka i komiteen i 2003.

— Dei sjokkerande opplysningane vi nå har fått om amerikansk etterretninsgverksemd i Noreg er ekstra alvorlege med bakgrunn i det som skjedde etter Risør-saka. For etter den kan amerikanarane ikkje ha vore det minste i tvil om kva norske politiske styresmakter meinte om slik aktivitet, seier Valle.

HUGSAR KLART: - Vi gjorde det heilt klart at det var uakseptabelt at amerikanarane drei etterretningsverksemd på norsk jord, seier Arnstein Øverkil. ARKIVFOTO: Gunnar Johnsen Jr, Scanpix.