— Resultatet var omtrent som forventa, seier Jakob Utne i Norsk Sjømannsforbund. Han meiner dei stadige krava frå vegmyndigheitene om kostnadskutt på riksvegferjene har gjort motivasjonen for sikkerheitsarbeidet dårleg.- HSD er dessutan eit veldig stort selskap der mange ser lite til leiinga. Det verkar også inn på kulturen, seier Utne.Magne Jørgensen i Norsk Sjøoffisersforbund legg vekt på at det var HSD Sjø som kom best ut av undersøkinga, sjølv om det også her vart sett fingeren på mykje.- Eg meiner vi driv seriøst og er på rett veg. Mykje er allereie gjort, seier Jørgensen, som heller ikkje vart særleg overraska. Sigmund Svåsand i Det Norske Maskinistforbund er den mest kritiske til undersøkinga.- Eg kjenner meg ikkje heilt att. Det er ikkje slik vi ser selskapet på ferja der eg arbeider i alle fall, seier Svåsand.