– Her har nokon følt at dei måtte finne på noko, under ein eller annan paraply. Det er nok eit eksempel på ille brukt tenesteiver, seier Halvor A. Hartz.

Halvor A. Hartz var sjef for den norske politikontingenten i Afghanistan i 14 månader, fram til 2008, og er i dag stipendiat ved Norsk utenrikspolitisk institutt (NUPI).

Tidlegare i haust slo han i ein rapport fast at den norske politiinnsatsen i landet har vore utan dokumentert effekt. Skulda for dei manglande resultatet la han blant anna på stadig vekslande strategiar og prioriteringar frå norsk side.

Dei som har styrt ressursbruken har ikkje bygd på kunnskap om internasjonalt politiarbeid, og har gjerne hatt vikarierande motiv for kva dei ville satse på, ifølgje Hartz-rapporten.

Norden-satsinga føyer seg inn i dette biletet, meiner han.

– Landet treng ikkje enda fleire store system. Dette er eit eksempel på kva Afghanistan har lidd under, seier Hartz om dei store planane om eit eige nordisk koordineringssystem for justissektoren.

– Heldigvis ser det ut til at dei nå justerer kursen. Ideane har møtt realitetane. Det som måtte vere av ledige ressursar må straks bli innordna i dei strukturane som alt finst i Afghanistan, seier Hartz.

Han meiner det finst meir enn mange nok manglar og hol i dei eksisterande hjelpeprogramma.

– Desse veit vi om. Dei landa som har personell og ressursar å setje inn, bør konsentrere seg om å fylle desse hola, ikkje finne på noko nytt, seier Hartz.

Morten Wold, Drammens Tidende