— Løysinga i Afghanistan ligg ikkje i militære hender. Målet vårt er å setje afghanske styresmakter og organisasjonar som ACTED i stand til å få fart på den sivile utviklinga. Difor er det beklageleg dersom dei må redusere aktiviteten av omsyn til tryggleiken, seier oberstløytnant Lars S. Lervik, fungerande sjef for den norske ISAF-kontingenten i Afghanistan.

Han ønskjer ikkje å kommentere opplysingane frå ACTED om at eldrerådet i Ghowrmach nå støttar Taliban.

— Denne typen opplysingar vurderer vi som etterretningsinformasjon, som vi ikkje uttaler oss om, seier Lervik.

Han stadfestar at situasjonen i Ghowrmach har forverra seg dei siste månadene når det gjeld tryggleiken. Slik reknar han med det vil forbli dei neste månadene.

— Det er i tråd med det vi har venta oss. Det går føre seg ei oppbygging av styrkar både på ISAF-sida og hos den afghanske hæren og politiet. Vi trur det vil bli krevjande utover sommaren og hausten. Målet er å stabilisere området, seier Lervik. Han ønskjer ikkje å kommentere om talet på opprørarar har auka, slik ACTED seier.

— Men vi er klar over at dei sivile i Ghowrmach kjenner seg under sterkt press frå opprørarar. Dette presset ser ut til å vere aukande, seier Lervik.