NUPI-forskar Ståle Ulriksen meiner heile grunntanken bak det Noreg er med på i Ghowrmach er feil.

— Prosjektet byggjer på at all legitimitet til makt må koma frå staten. Dermed set dei til sides dei eksisterande maktstrukturane, og køyrer inn med hær og politi, seier Ulriksen (biletet).

Pashtunarane i Ghowrmach har ikkje gode erfaringar med å bli styrt utanfrå. Politikken i Faryab er dominert av usbekarar, erkefiendane til pashtunarane i Ghowrmach. Det same er politiet. Dei har frå før eit forferdeleg rykte, med korrupsjon og ulovleg skattlegging. Politifolk skal også ha vore innblanda i narkotikatrafikken i området.

Ulriksen trur ikkje NATO vil greie å byggje opp eit politi og ein hær som er gode nok til at folk i Ghowrmach vil stole på dei. Resultatet trur han vil bli meir skyting og bomber mot norske soldatar. Forskaren meiner NATO og Noreg heller burde teke ein meklarposisjon mellom den afghanske staten og dei som sit med den lokale makta.

— Det vil bety at ein del demokratiske prinsipp blir lagt i skuffa. Men så sant vi ikkje har tenkt å stå der i 50 år, er det den einaste løysinga eg kan sjå, seier Ulriksen.