Mentorprosjektet for afghansk politi hamnar nå på bordet til justisminister Knut Storberget, utanriksminister Jonas Gahr Støre og forsvarsminister Grete Faremo. I embetsverket er det sterkt delte meiningar om saka.

— Eg håpar siste ordet ikkje er sagt, det er så viktig å få personell ut i distrikta. Det er der det er bruk for dei, seier Noregs ambassadør i Afghanistan, Kåre R. Aas om rapporten som nå ligg på bordet.

— Vi må prøve å stille med dei bidraga som er etterspurt, både på politi- og på forsvarssida, seier Aas.

Både i Forsvaret og i UD skal det vere irritasjon over at Justisdepartementet og Politidirektoratet ikkje vil vike ein millimeter frå prinsippet om sivil kommando over sivile politifolk.

Det har tidlegare vore alvorlege konfliktar mellom norsk politi og norske militære i Afghanistan. I mai fortalde Bergens Tidende at norske politifolk hadde nekta å delta i ein stor offensiv langs grensa mot Turkmenistan. Polititenestemennene meinte operasjonen var reint militær, og at dei ikkje hadde mandat til å delta.

Justisminister Knut Storberget ville i går ikkje uttale seg om mentorplanane.

— Saka er til handsaming her i Justisdepartementet. Det står att ein del arbeid før vi kan konkludere, seier kommunikasjonsrådgjevar Trond Øvstedal i Justisdepartementet.

Heller ikkje forsvarsminister Grete Faremo, som er i Afghanistan denne veka, var tilgjengeleg for kommentar.