-
MEDSTRAUMS: Dei første elektriske bilferjene kryssar snart ein fjord nær deg. Her Fjellstrands konsept basert på framdrift ved hjelp av eit litiumbatteri.FOTO: ILLUSTRASJON: FJELLSTRAND AS
Svanesong for sure ferjer
Nesten halvparten av ferjesambanda i Hordaland er eigna for overgang frå diesel- til batteridrift, ifølgje miljøorganisasjon.
AV: ove a. olderkjær
Dei er mange og forureinsar lufta med rundt 400.000 tonn CO2 og 6500 tonn NOx i året, dieselferjene i totalt 125 innanlandske ferjesamband. I framtida bør dei fleste av dei gå på batteri og utsleppsfri vasskraft, meiner miljøorganisasjonen Zero.
I ein ny rapport slår organisasjonen fast at 40 prosent av ferjestrekningane i Hordaland - 9 samband - er modne for overgang til batteridrift, i Sogn og Fjordane fem samband. Samla er ein tredel av alle norske ferjesamband i dag ideelle for batteriferjer, med små endringar kan ytterlegare ein tredel gå på batteri lada med landstraum, er konklusjonen.
Dei kortaste sambanda der det er tid nok til å lada batteria mellom avgangane er det Zero peikar på som dei første som kan bli klimavennlege utan omfattande endringar.
«Beffen» alt i 1894
Elektrisk ferjedrift er langt frå ein ny tanke. Alt i 1894 fekk Bergens Elektriske Færgeselskap (BEF) bygt åtte elektrisk drivne ferjer for passasjertransport over Vågen i Bergen.
I både Rogaland og Sør-Trøndelag er det konkrete prosjekt for elektrifisering av bilferjesamband. Tide Sjø har fått 10,7 millionar kroner i støtte frå NOx-fondet for å byggja om MF "Finnøy" til batteridrift. Ferja trafikkerer sambandet Lauvvik-Oanes i Rogaland, ei ti minuttars kryssing over Høgsfjorden. Arbeidet blir ikkje ferdig i 2011 som planlagt, melder Teknisk Ukeblad.
Sør-Trøndelag fylkeskommune har eit prosjekt for elektrifisering av eit samband mellom Trondheim og Vanvikan. Regjeringa har óg bestemt at ei batteridriven ferje i E 39-sambandet Oppedal-Lavik over Sognefjorden skal vera eit utviklingsprosjekt med sikte på omlegging til miljøvennleg drift innan dei neste fem åra.
Fjellstrands tre prosjekt
Fjellstrand-verftet i Hardanger har laga eit ferjekonsept basert på eit litiumbatteri til framdrift, og med plass til 75 bilar. Ferja vil kutta utslepp med 570 tonn CO2 og 15 tonn NOx i året i forhold til dieseldrift.
Ifølgje Fjellstrand er det ferjesamband med mindre enn 30 minuttars overfart som er best eigna for batteridrift. Det er også fordel med moderat storleik (plass til under 120 bilar) og moderat fart (11-13 knop).
- Vi er engasjert i tre konkrete utviklingsprosjekt for elektrisk drift, og er godt orientert om kva som rører seg på området. Vi håpar blant anna å få til eit pilotprosjekt gjennom miljøteknologisamarbeidet Maritime Clean Tech West i Sunnhordland, seier Nils Aadland, administrerande direktør i Fjellstrand AS.
El-samband i Hordaland
Ifølgje Zero er desse sambanda i Hordaland klare for omlegging til elektriske bilferjer:
Gjermundshamn-Varaldsøy
Skånevik-Utåker
Buavåg-Langevåg
Jondal-Tørvikbygd
Bruravik-Brimnes (nedlagt i 2013)
Klokkarvik-Hjellestad
Husavik-Sandvikvåg
Breistein-Valestrandsfossen
Masfjordnes-Duesund
Og med mindre endringar:
Jektevik-Hodnanes
Leirvåg-Sløvåg
Hatvik-Venjaneset
El-samband i Sogn og Fjordane
Zeros forslag:
Hella-Dragsvik
Dale-Eikenes
Isane-Stårheim
Nåra (Haldorsneset)-Daløy
Barmsund-Barmen