Pang!
Vossapakko i gang med eit brak. Til stille protestar.
Bilder
-
ANDRE SALVE: Anleggsbasar, fylkesordførar og andre innbedne studerar Granvinordføraren sin dugleik som skytebas på trygg avstand. Nyevegen skal gå på høgre side av sykkelvegen (tidlegare jernbane), medan noverande riksveg (til venstre) blir lokal- og turistveg forbi Skjervsfossen, og tilkomst til hytteområdet i enden av siksakkvegen ved tunnelmunningen. FOTO: Arne Hofseth
- Publisert: 18.nov.2009 17:45
- Oppdatert: 18.nov.2009 21:50
Under ein stille hytteeigarprotest mot bompengane, markerte braket av første salva på Tunsbergtunnelen oppstart på dei to første vegprosjekta i Vossapakko i dag.
Når sant skal seiast, er det alt gjort ein del førebuande arbeid både ved Mønshaugen og ved begge endane av Tunsbergtunnelen som fører stamvegtrafikken utanom hårnålsvingane ved Skjervsfossen.
Har tjuvstarta
- Skal vi vera heilt ærlege, så er det ikkje den første salva som går no,
men den andre, vedgjekk Statens vegvesen sin prosjektleiar for Vossapakko,
Lars Magne Røneid.
- Slik går det når entreprenøren er ivrig etter å koma i gang, og vi måtte tidfesta markeringa i god tid, forklarde Røneid.
Den forklaringa kunne Granvin-ordførar Jan Ivar Rødland, som trykte på utløysarknappen, fullt ut akseptera. Han skryt av ei fjern fortid som anleggsarbeidar.
Protest
Sinte hytteeigarar demonstrerte misnøye over bompengeordninga med plakatar
og ein liten trudelutt på neverlur.
Trafikk mellom Voss sentrum og rundt 150 fritidseigedomar i området Stuaset-Holo må passera bomstasjonen, trass i at heile området ligg i Voss kommune. Grunnen er at sidevegen tek av frå riksveg 13 eit lite stykke inne i Granvin herad.
Grunneigarlaget og velforeininga for hytteområdet krev primært at bommen blir plassert på kommunegrensa.
Redd «lekkasje»
Dette er avvist fordi alle då kan unngå å betala bompengar ved å køyra den
gamle vegen med hårnålsvingar i Skjervet. Bommen skal plasserast slik
trafikken både på ny og gamal veg vert fanga opp.
Subsidiært krev dei fritak for bompengebetaling for alle som har eigedomar i området.
Til no har berre dei to fastbuande huslydane fått fritak, ikkje andre grunneigarar og hytteeigarar. Også friluftsfolk som nyttar området til fotturar og orienteringsløp, må betala.
... og vel så det!
Den 4020 meter lange Tunsbergtunnelen får namn etter fjellet i sørenden av
tunnelen, nær Seim i Øvre Granvin. Etter opphaveleg plan skulle det vera to
tunnelar på strekninga, med veg i dagen mellom, og Tunsbergnamnet var
tiltenkt den nedre tunnelen.
- Ein lang tunnel i staden for to korte gir ein betre veg, og det blir like billig - og vel så det, påstod Røneid.
I tillegg til tunnelen skal det byggjast 1200 meter veg i dagen, to bruer og ein kulvert. Samla pris er rekna til 451 millionar kroner, og det er venta at vegen kan opnast sommaren 2012.
Beinare veg
Felling av tre og riving av hus er kome i gang på den 3,6 kilometer lange
strekninga Mønshaugen - Palmafossen. Her skal massar frå Tunsbergtunnelen
nyttast til utbetring, i praksis ny veg til 159 millionar kroner. Pårekna
vegopning hausten 2011.
Tunnelen bak Vangen på E16 kan også bli beinare enn planlagt. Nye planar er under arbeid, med berre ei kryssing under jernbanen. Går planprosessen smertefritt, kan ein tunnel til 485 millionar kroner kroner takast i bruk i 2013.
Rassikring ut
Nytt kryss på E16 Stanghelle, no prisjustert til 29 millionar kroner, er
også med i Vossapakko.
Derimot er ein kort tunnel ved Granvinvatnet teken ut. Rasaktiviteten dei siste åra har vist at det må ein lengre tunnel til, og ein vonar på statsløyvingar frå 2014.
Sei di meining om Vossapakko her.
Kommentarer
yes
Diskuter: Pang!
RE: Diskuter: Pang!
Diskuter: Pang!
Men - så var det dette med "likhet for loven" - les: bompenger kun for "noen" av oss som har eiendom innenfor kommunegrensen.
I tillegg til at det er brukt Vossafirma både til å levere materialer og til å bygge vår hytte har familien de siste årene lagt igjen mellom 30.000 og 60.000 kr pr år i Voss kommune. I tillegg har vi kjøpt bil på Voss.
Dersom ikke politikerne nå tar denne saken på alvor blir vi nå tvunget til å legge om våre rutiner for innkjøp:
Avisa Hordaland blir sagt opp, det blir ikke kjøpt flere varer eller tjenester i Voss kommune, strømavtale med Voss Energi blir flyttet til annen (og billigere) leverandør. Dette er ikke vanskelig - det krever bare litt planlegging.
Om bare halvparten av hytteeierne gjør noe tilsvarende vil reduksjonen i skatteinngang for Voss kommune langt overstige forventet inntekt fra bomstasjonen på Granvin grense. Er det noen av politikerne i Voss som gidder å ta tak i dette?
Diskuter: Pang!
Diskuter: Pang!
Vi oppfordrer kommunepolitikerne til å komme på banen
Diskuter: Pang! Det er rart!!!!
Det er rart No blir det invistert MANGEN penger i i dette prosjektet "vossapakko" og det som ser ut til å engasjere folk er desse Bommpengane...? Eg veit ikkje kor mye det blir, men eg vill tru at for tilsvarande summ er det ikkje mye du får på ein kafe på vangen.
Eg er litt oppe i åra og så lenge eg kann hugsa har det våre snakk om veg utenom vangen (det eine luftslottet støre enn det eine) no skjer det endelig noe ....
MVH
admin@vossapakko.com
brt
Din kommentar
Søk i skattelistene Topplister
Bilder
-
STILLE PROTEST: Hytte- og grunneigarar protesterer mot plasseringa av bomstasjonen, og krev subsidiært fritak for bompengebetaling. At det blir gratis mellom hytta og Granvin er inga trøyst. FOTO: Arne Hofseth
-
FOTOMONTASJE: Slik ser Statens vegvesen for seg at nyevegen skal kryssa dalføret i Øvre Granvin, frå tunnelmuningen til venstre. Dagens veg mot Voss går oppover dalen mot høgre.
3 mest leste artikler »
-
Is får elvene til å renne over
Unormalt mye is på elvene gir oversvømmelser. Så mye regn er ventet.
-
Trafikksyndere i fleng
Parkeringsplassen på Nøstet ble fylt opp av trafikksyndere da politiet aksjonerte i dag.
Vegrapport
-
Fv 664
Otredalen (i Hornindal kommune)
-
Fv 722
Storesunde - Flo, ved Flo
-
Fv 723
Bødal - Loen, ved Bødal
-
Fv 724
Briksdal - Olden, ved Olden
-
Rv 52
Hemsedalsfjellet
Følg alle skip direkte
Bt.no har mange digitale tjenester. Her kan du følge skipstrafikken i Hordaland minutt for minutt.
På forsiden nå
- 07:58 Den nye kapteinen
- 07:48 Deler ut eventyrlig pengegave
- 07:46 Mest solgt i verden
- 07:38 Lionels lekegrind
- 07:36 Vil hedre far og ektemann
- 07:32 Velgjerarbyen
- 07:23 – Et profesjonelt valg
- 07:11 Redningen ble et barn med Downs syndrom
- 07:00 Første rettssak om sexkjøp
- 07:00 Gud i kvit frakk































































Siste Kommentarer
Diskuter: Pang!
Diskuter: Pang!
Diskuter: Pang! Det er rart!!!!
Se alle innlegg