- Vi har fått melding om eit trafikkuhell på E39 mellom avkøyringa til Litlabø og Ådland bru, seier operasjonsleiar Svein Sørensen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

I følgje politiet skal hengaren til ein lastebil ha velta. Den var fullasta med stein og grus.

- Det skal ikkje vera personskade, men ein del trafikkale problem er det på staden, seier Sørensen.

Dei har no send politipatrulje til staden for å dirigera trafikken forbi ulukkesstaden og tilkalla bergingsbil. Han kan ikkje seia noko om årsaka til ulukka, men vurderer å tilkalla Ulukkesgruppa til Statens Vegvesen.

- Det har vore ein punktering på eit av hjula, og det er usikkert kor tid punkteringa har skjedd, seier operasjonsleiaren.