Ekstremt glatte vegar
Vegvesenet melder om framleis glatte vegar på Vestlandet. Alle tilgjengelege strøbilar var ute og salta i morgontimane søndag.
AV: rune christophersen, borghild berge
Les også:
Alt disponibelt mannskap var ute og strødde vegane søndag morgon, opplyste Vegtrafikksentralen tidlegare i dag.
Søndag kveld er det framleis glatt på vegane fleire stader.
Voss, Hardanger og Osterøy verst
- Det er særleg ille på Voss og i Hardanger. I tillegg har me fått inn ein del klager på Osterøy, seier vaktoperatør Eli Solberg i Statens Vegvesen.
Ho seier vidare at det ikkje er fullt så ille i bergensområdet og i Sogn og Fjordane.
- Det er ikkje sikkert det blir glatt i morgon tidleg, men me har beredskap klar i tilfelle det skulle bli det. Saltet frå i dag tidleg har regna vekk, sier Solberg.
Søndag kveld blei det også vurdert å stenga Sotrabrua på grunn av sterk vind, ifølgje Solberg.
- Men vinden gav seg, slik at det ikkje blei nødvendig, seier ho.
Kjedekollisjon laurdag
Trass svært glatte vegar blei det ikkje meldt om alvorlege trafikkulukker i Hordaland eller Sogn og Fjordane natt til søndag. Heller ikkje i løpet av søndagen har det skjedd store ulukker. Men laurdag kveld kjedekolliderte fem bilar i Indre Arna.
- Me har ikkje fått meldingar om personskade, sa operasjonsleier Kjell-Tore Aarnæs i Hordaland politidistrikt laurdag kveld.
Kjedekollisjonen skal ha skjedd ved Hjelles Bakeri i Hardangervegen i Indre Arna.
Sjå oppdaterte trafikkmeldingar her
Aarnæs ba laurdag kveld folk unngå å setja seg i bilen. Situasjonen var då verst i bergensområdet.
- Aller helst bør folk halda seg heime. Viss dei må ut på vegen, er det viktig at dei køyrer forsiktig, sa Aarnæs.
Sjå våre webkamera: Bavallen | Fedje | Finse | Flåm | Fløyen | Helleneset | Eikedalen | Stryn | Voss | Vågen
Vêrmelding der du bur: Åsane | Fyllingsdalen | Fana | Lindås | Voss | Askøy | Øygarden | Fjell | Osterøy | Os | Stord | Odda | Kvamskogen | Førde | Sogndal | Florø
Les også
Siste fra Trafikk
Relaterte bilder
VERST I BERGENSOMRÅDET: Vegtrafikksentralen melder at situasjonen er verst i Bergen og omegn. ARKIVFOTO: ANE BØRHAUG