Mobiltelefonen blei først lansert av Apple i januar, og sidan då har forventingane til dingsen bygd seg store i heimlandet til selskapet bak iPod og Mac-datamaskinane.

«The most eagerly anticipated gizmo ever», skriv teknologiskribenten Steven Levy i Newsweek. Saman med eit fåtal andre utvalde journalistar har han fått telefonen i hende og dermed høve til å skriva ein omtale like før lanseringa.

Apparatet blir av Apple omtalt som ein kombinasjon av telefon, iPod og ein berbar nettlesar. Levy meiner produktet er det første i sitt slag som verkeleg lukkast med å kombinera desse tre ulike funksjonane i eit apparat.

Ei veke i kø

USA Today er blant dei som rapporterer om at duppedittentusiastar og andre interesserte stod i kø i fleire dagar utanfor Apple sine butikkar. 43 år gamle Greg Packer, for eksempel, satt ei veke i ein campingstol utanfor Apple Store i New York. For å korte ventetida, oppretta han sin eigen blogg der han oppdaterte omverda på kva som skjedde rundt han.

På annonsenettsida Craigslist har folk selt plassar i køen for opptil 200 dollar.

Edward C. Baig i USA Today skriv at iPhone slett ikkje er perfekt, men at den likevel lever opp til forventingane som er bygd opp på førehand.

Etter å ha testa telefonen i to veker, trekkjer han fram iPod— og fotodelen til iPhone, og meiner telefonen sitt touchscreen-grensesnitt gjer han «fun to use».

Ikkje til Noreg enno

Sjølv om dei første omtalane er positive, får også Apple kritikk av meldarane. USA Today er blant dei som kunne ønska seg ein lågare pris. Telefonen kan berre brukast opp mot teleoperatøren AT&T, og kostar frå 499 dollar og oppover med to års binding til leverandøren, som er den største i USA. På nettauksjonen eBay var prisen på iPhone inntil 1400 dollar i går kveld - nesten tre gonger så mye som butikkpris.

Ifølgje nettstaden The Street er det venta at telefonen vil selje i 100.000 eksemplar i timen den første dagen, og enkelte analytikarar har utropt telefonen til å vere den mest ettertrakta nokosinne.

Apple og sjef Steve Jobs har tradisjon for å halda kortet tett til brystet når det gjeld framtidige annonseringar. Under annonseringa av iPhone i januar sa Jobs at telefonen kjem til Europa innan fjerde kvartal av 2007. Alle førespurnader om nærare detaljar før den tid har så langt avvist.