For to veker sidan møttest dei i Bergen Tingrett. Interiør-Snekkeriet AS i Sandviken kravde at Zachariasbryggen AS vart slått konkurs, fordi selskapet ikkje hadde klart å betale snikkarrekningar på 3,5 millionar kroner.

Selskapet eig bygningane på Zachariasbryggen og er kontrollert av Knut-Jørgen Hauge. No har dei betalt.

— Vi har fått fullt oppgjer med renter, i alt 3.561.577 kroner, seier advokat Torbjørn Gjelsvik, som representerer Interiør-Snekkeriet AS.

Trekkjer konkurskrav

Rettsmøtet for knappe to veker sidan varte drygt to timar, før Hauge gjorde det klart for motparten at han ville inngå eit forlik. I retten kom det fram at Zachariasbryggen AS hadde 250 millionar kroner i gjeld ved inngangen til året.

Det at snikkarbedrifta no har fått betalt, betyr òg at dei ikkje lenger vil slå Hauges selskap konkurs.— Det er sendt eit prosesskrift til tingretten om at vi trekkjer konkursbegjæringa, men at vi blir tilkjent sakskostnader på 156.000 kroner, seier Gjeldsvik.