Det viser den årlege rekneskapsundersøkinga frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF).

— Dette er ikkje overraskande. Fjoråret var eit dårleg jordbruksår, med mykje regn og dermed dårleg kvalitet på avlingane, seier Clara A. Hveem, som er leiar i Hordaland Bondelag.

Samla sett auka den gjennomsnittlege jordbruksinntekta med 1300 kroner for vestlandsbonden. Det er fordi bruk med sauehald hadde ein vekst på 31.000 kroner frå 2010 til 2011. Like fullt ligg bønder med einsidig sauehald svært lågt i jordbruksinntekt pr. årsverk.

På landsbasis fall jordbruksinntektene i snitt med 4.700 kroner, hovudsakleg på grunn av dårlege kornavlingar og auka kostnader.

Gjødsel opp 23 prosent

— Berre på gjødsel auka kostnadene med 23 prosent, medan dieselkostnadene gjekk opp med 16 prosent. I tillegg måtte mange bønder kjøpa ekstra grovfôr og kraftfôr, for å kompensera den dårlege avlinga, seier Hveem.

For mjølkeprodusentar på Vestlandet gjekk inntekta ned med ein prosent – til 218.400 kroner pr. årsverk.

Bruk med kombinert mjølkeproduksjon og svinehald fekk redusert inntekta med tre prosent, men er framleis den driftsforma som har høgast jordbruksinntekt på Vestlandet, med 257.900 kroner pr. årsverk.

Vil ha fondsmidlar

Bondelagsleiaren minner om politikaranes målsetjing om årleg vekst i matproduksjonen på ein prosent.

— Det gjeld naturlegvis også for bøndene i Hordaland, og då må det ekstra budsjettmidlar til.

I skogbruket er det i dag mogeleg å setja av fondsmidlar i gode tider, som ein kan ta av i dårlege driftsår.

— Det burde vi hatt i jordbruket også, meiner Hveem.

Mjølk er berebjelken

I Hordaland er det flest bønder som driv med sauehald, men framleis er det slik at mjølkeproduksjonen er berebjelken når det gjeld den økonomiske verdien samla sett.

— Trass i stort fråfall av aktive gardsbruk, er det likevel positivt at vi klarer å halda oppe tilnærma lik produksjonsmengd. Det er fordi bøndene som held fram, driv i større målestokk enn før – mellom anna ved å hausta innmarka til naboar som har måtta gje seg, seier bondelagsleiar Clara A. Hveem.

Fruktbøndene på Vestlandet fekk i fjor registrert ein inntektsnedgang på 10 prosent i snitt grunna dårleg vêr og dermed svakare frukthaust.