— Sidan juni er det registrert meir enn to tusen villaks i forskingsnøtene i fjordane utanfor Vossovassdraget. Dei fleste av hadde kurs for Vosso. Årets innsig av Vossolaks er difor det største sidan 80-talet, seier forskingsleiar Bjørn Barlaup i Uni Miljø.

Ettertrakta

Vossolaksen er frå naturen si side kanskje den mest storvaksne laksen i verda, med ei snittvekt på vel ti kilo. Fisket i Bolstadelva var vore svært ettertrakta både blant adelsfolk og meinigmann. Dei har landa ruggar på godt over 20 kilo. Elveeigarane drog inn ein million kroner i året, og Staten fekk 200.000 kroner i moms.

— Det store talet på gytelaks i år er svært gledeleg, etter to tiår med kritisk lav bestand. Fisken stammar i hovudsak frå smolt som er slept ut fjordane, konstaterer Barlaup.

Oppdrettsnæringa med

Oppdrettsnæringa og BKK er blant dei store bidragsytarane i spleiselaget for ein koordinert redningsaksjon for den verdfulle laksestammen. Ideen om å gje smolten fysisk draghjelp ut mot havet, forbi farane som lurer i fjordsystemet, er klekkja ut av klekkerifolk, forskarar, forvaltning og næringsaktørar. Årets innsig tyder på at teorien hadde noko for seg.

— Vi har nådd det første viktige målet på vegen for å få reetablert Vossolaksen i si naturlege form, eigar/eig Barlaup.

Viktig milepæl

Neste steg er å sikra at Vossolaksen kan gjennomføra livssyklusen utan draghjelp. Barlaup ser på laksetalet i år, og godt prosjektsamarbeid, som eit godt utgangspunkt for å nå det endelege målet.

Laksen som er observert til no i år er eitt år gammal tert, og to år gammal mellomlaks. Forskarane er spente på om storlaksen kjem neste år. Då har fiskar av 2009-årgangen vore ute i havet i tre år. Skryteeksemplar til storfiskarane er gjerne laks som har kome inn for gyting etter tre år, overlevt gytinga og vakse seg store etter ein ny runde i havet.

Overlevde i Genbanken

Den store redningsaksjonen for Vossolaksen har gått føre seg sidan 2000. Etter kollapsen på slutten av 1980-talet har den nasjonale Genbanken i Simadal teke vare på laksestamma, der det frå Voss klekkeri er gjort fleire innskot. Den viktige opptrappinga kom i 2008 då Vossolauget vart skipa og oppdrettsnæringa tok initiativ til mangedobling av smoltproduksjonen og utslepinga. Mellom 100.000 og 150.000 individ i spesialbygd tank kjem seg no levande og lusefrie til havs. Klekkjeriet står for kultiveringa av rogn, yngel og smolt medan Uni Miljø koordinerer forskinga. Samstundes er ein på jakt etter faktorar som kan truga smolt og laks i vassdrag og fjordsystem. Sannsynlege trugsmål skal reduserast.

Tukling med naturen.

— Vi skal halda fram med slepinga i to år til, så kan det vera greitt med ein pause, seier prosjektleiar Monika Haugland hjå Fylkesmannen i Hordaland.

— Vil avkomet etter den nye laksen greia seg sjølv?

Det veit vi ikkje på mange år enno, men sjansane er større enn på lenge. Vasskvaliteten i fjordsystemet er betre, og oppdrettsnæringa har betre fokus på lus. Men for mykje draghjelp kan gje oss fisk som naturleg skulle ha bukka under, eller fisk som vandrar til feil elv, seier Haugland.

Vossomodellen, med samarbeid mellom næringsaktørar, forvaltning, forsking og lokale interesser, er lagt merke til. Partane ser no optimistisk på sjansane for suksess. Haugland ser ikkje bort frå at slepemodellen kan bli prøvt også i andre vassdag.

KRAFTIG PLUGG:: Den storvaksne Vossolaksen var ein magnet for velståande turistar.Her poserer den engelske lakselorden Carrington med fangsten frå 12. juni 1926.Ei gjenreising av fisket i Vosso kunne gitt inntekter på mellom 20 og 40 millionar kroner i året.