Etter 138 år med samanhengande drift ved Vinje Turisthotel utanfor Voss har Vinje-familien no gitt frå seg roret til nye krefter. Utan arvingar til å ta over drifta, vil Leidulv Vinje (74) vere siste hotelldrivar frå slekta. Ei gjennomtenkt avgjersle, seier nevø Richard Vinje, som lenge hadde planar om å vere femte generasjons hotelleigar.

— Eg hadde jobba på hotellet i alle år, gjekk hotellskulen og hadde planar om å overta. Men så blei eg meir interessert i eigedomsdrift enn hotellverksemd. Etter å ha gått ein ganske lang runde med meg sjølv fann eg ut at det no var andre sin tur, fortel Vinje.

SOM FØR: Hovudbygninga er freda og vil sjå ut som før. Det same vil interiøret, forsikrar den kinesiske eigaren.

7,5 millionar kroner vart prisen for hotellet som har vore ute for sal sidan 2012. Den gong låg verditaksten på 13,6 millionar kroner for eigedomen, som også omfattar anneks, campinghytter og ein seks dekar stor tomt.

Kjøparen er selskapet First Travel Fjord Investment AS, drive av den kinesiske forretningsmannen Lin Hu Zhang.

— Det var spesielt at kinesarane tok kontakt, og me hadde mange samtalar med dei før me bestemte oss. Men dei har vist stor respekt for oss i familien, og me har fått eit svært godt forhold til dei. Me vil alltid vere æresgjestar og kan nytte kjøkkendøra kva tid me vil.

Historisk sus

Hotellet ligg midtvegs mellom Sognefjorden og Hardangerfjorden og strategisk plassert langs E16 mellom Bergen og Oslo. Her er historien innprenta i veggane, lag på lag som overvintra snø på dei kringliggjande fjelltoppane. I spisesalen finn ein originalt treverk frå byggjeåret 1876, og på romma fjernsynsteknologi frå seint 1980-tal. Ein rusletur i korridorane gir eit unikt innblikk i 138 års norsk reiselivshistorie. Frå tida då turistar høyrde til overklassen, med yrande liv på hotellet i vintersesongen, til vitjing av Fridtjof Nansen og Prins Charles.

Frå nedgangstider og forfall til nisjehotell for trufaste pensjonistar. No har eit nytt historisk kapittel opna seg for hotellet. I den globale reisemarkanden kan det norskaste av det norske fusjonerast med autentisk mat og kultur frå den den andre sida av verda.

— Dette er eit heilt nytt konsept. Me vil prøve å skape ein miks av norsk og kinesisk kultur. Me veit enno ikkje heilt korleis me skal gjere det, men tanken er å promotere norsk kultur og samtidig tilfredstille behova til dei kinesiske gjestane, fortel Stanley Sun som er forretningspartnar og den høgre handa til den nybakte hotelleigaren.

Eigaren Lin Hu Zhang driv også eit kinesisk reisebyrå, og ønskjer og nytte dette kontaktnettet til å hente inn turistar frå Kina. Førre veke kom dei første gjestane, og dei store busslastane er like om hjørna.

Les også:

Les også:

Ni av ti gjestar frå Kina

Han meiner det erkenorske interiøret i hotellet vil appellere til kinesarar på jakt etter ei unik reiseoppleving.

— Noreg blir eit meir og meir populært reisemål blant kinesiske gjestar. Dette hotellet har lange norske tradisjonar, omkransa av ekte norsk natur. Det er dette vi vil ta vare på. For kinesarar som vil oppleve det norske er dette mykje betre enn eit fancy og nytt hotell.

— Me rekner med rundt 90 prosent kinesiske gjester i løpet av dette året, seier Sun, som fortel at det no vil bli heilårsdrift ved hotellet.

Men heilt norsk skal det ikkje vere. Det vil bli servert ekte kinesisk mat frå kjøkkenet, slik at kultursjokket ikkje blir alt for stort.

Zhang har fått drahjelp av den lokale advokaten frå Vinje-familien, Sjur Vinje, for å hjelpe til med å importere kinesisk arbeidskraft til hotellet. Advokaten sendte i mars eit brev til Utlendingsdirektoratet med spørsmål om korleis dei skulle gå fram for å importere kokk og servicepersonar frå Kina til hotellet.

- Kva er den vidare planen dersom forretninga blir ein suksess?

— Første steget er å halde hotellet ved like, og deretter få alt opp å gå som det var før. Lukkast det vil me gå i gang med å pusse opp, seier Sun.

Les også:

Vil ta vare på tradisjonane

Han understrekar at norske gjestar framleis er hjarteleg velkomne til hotellet, og at eigaren ønskjer å samarbeida tett med lokalsamfunnet og førre eigar Leidulv Vinje.

— Leidulv er ein gentleman, og han er svært viktig for oss i denne prosessen. Me har allereie hatt to dansegallaer her for pensjonistar. Så det er viktig for oss å ta vare på tradisjonane i lokalsamfunnet.

Sun, som til vanleg jobbar i eit kinesisk reiseselskap i Danmark, vil bruke Vinje Turisthotell til å styrke Noreg som vinterreisemål på heimemarknaden.

— Det er mange kinesarar som dreg til Sveits og Alpane om vinteren, men få er klar over dei flotte vinterfasilitetane Noreg har. Me vil ha heilårsdrift og satse på vinterturismen.

Richard Vinje trur det er håp om eit vintercomeback for hotellet.

— Vinterturismen var høgdepunktet for mange år sidan. Med dei rette drivarane er det fullt mogleg med eit comeback for vinterturismen.

Hotellet har 48 rom. og plass til maksimalt 108 gjestar. 108 er for øvrig eit av dei mest hellige tala i dei kinesisk tradisjon.

— Det er eit samantreff, fastslår Sun, som også avviser alle formar for spøkelseshistorier på hotellet. Det passar seg ikkje blant kinesiske turistar.

Les også:

FLAGGET STÅR: Det er det rotnorske kinesarane vil marknadsføre, og ein skal leite lenge for å sjå spor etter det kinesiske.
ODD E. NERBØ