Linenettet var høgtideleg kopla på, og gjester var inviterte til fjells.

Den aller første straumproduserande vindmølla i Hordaland skulle i aksjon og på nett.

Men så viste det seg at kulingkasta på Midtfjellet i Fitjar var altfor sterke til at leverandør og kraftlag våga å setja mølla i gong.

— Draumevêr

— Dette var skuffande. Men det er jo eigentleg draumevêr for anlegget i normal drift, sa dagleg leiar Ole Vidar Lunde i Midtfjellet Vindkraft.

Stolt viste han fram transformatorstasjonen og dei første vindturbinane som er monterte, og som i dag dels var omgitt av låge skyer - og altså kuling.

STOLT HANDTRYKK: Magne Heimvik, direktør i Sunnhordland Kraftlag, og Ole Vidar Lunde, dagleg leiar Midtfjellet Vindkraft, gratulerer kvarandre med den første nettkopla vindkrafta i Hordaland.
Ove A. Olderkjær

— Det er for kraftig vind til å starta testinga, der maksgrensa er 12 meter per sekund, eller frisk bris, forklarte Lunde.Dagen i dag skulle vindkraftselskapet - eigd av Fitjar Kraftlag og tre kraftaktørar på Austlandet - markera at den første av i alt 44 planlagte vindturbinar leverer sine første watt med elektrisk kraft ut på det faste linenettet.

Sunnhordland Kraftlag (SKL) har på berre eitt år strekt ei 300 kilovolt-line over fjellet frå Jektavik i Stord kommune.

I samme perioden har vindkraftselskapet fått lagt 27 kilometer ny veg i fjellet og fått opp dei første tyskproduserte møllene som måler 125 meter frå bakke til vingespiss.

På grensa til storm

På Midtfjellet - 460 meter over havet - blei det måndag målt vindstyrkar på opptil 25 sekundmeter, som er på grensa til storm.

I normal drift koplar vindmøllene seg ut ved vindstyrkar over 26 sekundmeter. Turbinane produserer normalt straum ned til fire sekundmeter, og har full produksjon frå 12 til 26 sekundmeter, forklarar Ole Vidar Lunde.

Trass den utsette oppstarten kunne Midtfjellet Vindkraft og SKL i dag likevel markera at vindparken i Fitjar er på nett.

I full drift vil anlegget levera straum nok til å forsyna 17.500 husstandar.

PÅ NETT: Styreleiar Johannes Koløen i Fitjar Kraftlag trykker på knappen som sender vindparken på nett.
Ove A. Olderkjær