Larsen Oil & Gas AS tok i fjor ut stemning mot staten. Seinare slutta Berge Gerdt Larsen seg personleg til søksmålet som medsaksøkjar. Begge har advokat Dag Steinfeld (biletet) som prosessfullmektig.

Søksmålet er retta mot Justisdepartementet og Finansdepartementet med påstand om at tilsette i Hordaland politidistrikt og/eller i skatteetaten i Bergen/Hordaland har lekka opplysningar som var underlagd teieplikt, til Bergens Tidende.

Politietterforsking

Bakgrunnen er eit oppslag i Bergens Tidende 4. februar 2006. Her kom det fram at den bergenske finansmannen Berge Gerdt Larsen var under etterforsking, mistenkt for skattesvik og økonomisk utruskap. Larsen var då styreleiar i oljeselskapet DNO. Larsen Oil & Gas, som er eit selskap i Larsen-sfæren, var aksjonær i DNO.

Larsen vart meld til politiet 7. januar 2005 av Hordaland Fylkesskattekontor etter at det var gjennomførd bokettersyn i selskapet Kver AS, der Larsen var eineeigar.

Larsen var ifylgje avisartikkelen mellom anna mistenkt for å ha flytta ein aksjevinst på 28 millionar kroner til Jomfruøyane.

Denne saka er framleis under politietterforsking.

Kursfall

Saksøkjarane hevdar at avisomtalen førde til kursfall og dermed tap for aksjonærane i DNO. Saksøkjarane meiner staten som arbeidsgjevar må haldast ansvarleg for dette med bakgrunn i dei påståtte brota på teieplikta.

Kravet blir underbygd ved at saksøkjarane viser til at DNO opplevde eit markant kursfall i dagane etter at artiklane i BT stod på trykk. Børsverdien skal ha blitt redusert med om lag 1,8 milliardar kroner.

Staten meiner at staten ikkje er erstatningsansvarleg overfor nokon av saksøkjarane og krev frifinning. Staten meiner vidare at aksjonærane i DNO ikkje er erstatningsrettsleg verna knytt til eventuelle brot på teieplikt overfor Berge Gerdt Larsen og Kver AS.

Avviser samanheng

Staten meiner årsaka til kursfallet er samansett og ikkje har samanheng med BT-oppslaga om Berge Gerdt Larsen.

Staten meiner at eit eventuelt kursfall som fylgje av presseomtalen var mellombels, slik at aksjonærane i dag ikkje er påførd tap som fylgje av presseoppslaga om Larsen.

Staten ved Regjeringsadvokaten meiner det er uklart om og i tilfelle i kva omfang, teieplikta er broten. Staten har i skriv til retten uttala at staten ikkje veit kven som er journalistane si primærkjelde. Og så lenge denne uvissa rår, meiner staten at det ikkje har skjedd brot på teieplikta.

Engasjerte Ola Thune

Privatetterforskar Ola Thune har vore engasjert i saka, og det er lagt opp til at han skal forklare seg i fleire timar i retten.

Saka er todelt. Saksøkjarane vil i første omgang ha dom for at det har skjedd straffbart brot på teieplikt og at staten difor har eit erstatningsansvar. Vinn ein fram med det, vil ein i neste omgang fremje eit konkret erstatningskrav.

Kor stort krav det er aktuelt å fremje vil Steinfeld ikkje seie noko om. Men det ligg nær å rekne med at det i alle fall vil dreie seg om millionbeløp. Utan det ville ein knapt ha gått til sak.

Det er sett av heile ti rettsdagar til denne saka der det er innstemna 21 vitne.