Alle som eig færre enn 1000 aksjar i Marine Harvest får frist til utgangen av februar med å selje seg ut.

Prisen blir gjennomsnittet av aksjekursen i dag. Det betyr at småaksjonærane som vil takke ja til tilbodet om å selje, har all mogleg interesse av å sjå aksjekursen skyte vêret i dag.

Så langt ser det bra ut. Selskapet har lagt fram eit godt resultat for 2010, og kursen på Marine Harvest har stige med 3,2 prosent i høve til i går og ligg like ved sju kroner pr. aksje.

For dyre eigarar

Til saman er det cirka 5400 aksjonærar som eig færre enn 1000 aksjar i Marine Harvest. Til saman eig desse småaksjonærane 1,4 millionar aksjar.

Kvar og ein av desse småaksjonærane skal ha tilsendt skriftleg informasjon på line med dei store eigarane, og det er her Marine Harvest vil kutte kostnader ved å kjøpe dei ut.

Lokkemiddelet er at småaksjonærane får heile kjøpesummen, og slepp å gi frå seg noko til ein mellommann i eit meklarselskap.

Riset bak spegelen er at Marine Harvest vil be Næringsdepartementet om løyve til å tvangsinnløyse alle aksjonærar som har aksjar under 500 kroner. Ein stor del av småaksjonæren fell inn under denne gruppa, og risikerer altså å måtte selje om dei takkar nei i første omgang.

Svekkjer eigarrolla

Dagleg leiar John Peter Tollefsen i stiftinga AksjeNorge, som arbeider for at folk skal invester i aksjar, meiner Marine Harvest sin handlemåte er uheldig.

— Det uheldig er at ein ikkje ser verdien av at mange er eigarar i eit selskap, seier Tollefsen.

Utan småaksjonærane misser selskapet mange positive representantar, som har interesser både i korleis det går med selskapet og rammevilkår for selskapet argumenterer Tollefsen.

— Eg syns det hadde vore meir positivt å gå den andre vegen, og lage eit kjøpsprogram der ein tilbyr aksjonærar med små postar å kjøpe seg opp.

Halv milliard til Fredriksen

Marine Harvest vil betale 60 øre i utbytte pr. aksje etter at høge lakseprisar gjorde 2010 til eit godt år.

Eit slikt utbytte gir storaksjonær John Fredriksen sitt selskap Geveran Trading - med 23 prosent av aksjane- ein halv milliard kroner inn på konto.

Folketrygdfondet (5,9 prosent) får 127 utbyttemillionar.

Selskapet auka driftsinntekter frå 14,7 milliardar kroner i 2009 til 15,2 milliardar i 2010.

Resultatet før skatt steig frå 1,7 milliardar i 2009 til 4,3 milliardar kroner i 2010.