Ei arbeidsgruppe med folk frå Konkurransetilsynet, Forbrukarrådet og Forbrukarombodet har kome opp med eit nytt forslag for å få meir priskonkurranse i taxinæringa: Ein app for smarttelefon.

I eit notat frå arbeidet som BT har fått fatt i skisserer dei drøymeappen:

Du legg inn kvar du vil køyre frå og til, og får opp kva prisen blir for dei ulike taxiselskapa.

Her får du òg vite kor lang tid du må vente på ein bil frå dei ulike selskapa.

Så kan du trykkje på det selskapet du ønskjer, og bestille drosja.

Om du skulle lure: Ein app er eit enkelt dataprogram, mest kjent frå smarte telefonar og lesebrett.

Treng pengar

Notatet er no sendt vidare til Barne-, likestillings og inkluderingsdepartementet, som ei tilråding frå leiarane av dei tre offentlege organa.

— Eg har ikkje noko aning om når appen kjem. Ballen ligg no hjå departementet. Det er òg eit økonomisk spørsmål, sidan Forbrukarrådet må ha pengar til å utvikle ein slik teneste, seier direktør for eksterne relasjonar Kjell Jostein Sunnevåg i Konkurransetilsynet.

- For lite konkurranse

Konkurransetilsynet har i fleire år jobba for å få meir priskonkurranse i drosjemarknaden, men Sunnevåg svarar slik når vi spør om ikkje priskonkurransen no er god nok:

— Er det nokon priskonkurranse?

— Meiner du ikkje det?

— Det er vanskeleg å seie, men sjølv om vi har fått parallelltakst og jamførtakst, er det veldig få som tek seg bryet med å samanlikne kva selskapa tar betalt, seier han.

Må gje ut opplysningar

I tillegg til ein app er planen at ein skal kunne lage ein tilsvarande teneste på ei vanleg nettside. For å få til alt dette må drosjesentralane få pålegg om å rapportere inn prisopplysningane digitalt.

— Det kan skje gjennom ei ny forskrift, eller ei justering av den eksisterande forskrifta som i dag omfattar finansnæringa, tannlegar og ein del andre tenester, seier han.

Det er Forbrukarrådet som etter planen skal ansvaret for å halde ved like databasen og lage priskalkulatorar. Deriblant altså ein app for smarttelefon.

Dei vil òg at data skal bli gjort tilgjengeleg for andre, slik at andre kan lage alternative appar.

- Kjem for seint

— Forslaget er godt i og for seg, men det kjem noko for seint, seier dagleg leiar Jan Valeur i Bergen Taxi.

Han leiar òg Forum for taxisentraler, eit underbruk av Norges Taxiforbund. Dei har for lengst sett i gang arbeidet med ein tilsvarande teneste. Dei driv no og testar ei ny nettside.

— Målet er at den skal kome ut i løpet av våren, seier han.

Når det blir ein app av nettsida er han usikker på.

Vil ha alle med

Sunnevåg i Konkurransetilsynet seier svakheita med Taxiforbundets teneste er at ikkje alle taxisentralane er med. Valeur seier dei gjerne vil ha med alle.

— Vi går ut frå at dei taxisentralane som ikkje er medlem ønskjer å vere med, seier han.

— Så de vil tilby dei som ikkje er med i Taxiforbundet å bli med?

— Ja, heilt klart.

Får vite alt

Ein fare med å samle prisinformasjonen er selskapa får vite om prisane til konkurrenten, og dermed kan samordne prisane. Arbeidsgruppa skriv i rapporten at prisane allereie er kjende i drosjenæringa, og at ein priskalkulator difor vil verke positivt for konkurransen.